Eivindvik Ungdomslag

Eivindvik Ungdomslag Eivindvik Ungdomslag vart stifta i 1898. Vi har sidan 1933 helde hus i Ungdomshuset Vårtun, som lig

Eivindvik Ungdomslag driv med kulturaktivitetar i skulekrinsen Eivindvik. Vi driv med revy, marknad, basar, dans, ulike kurs, juletrefest, ungdomsklubb, musikkverkstad og meir. Ungdomshuset Vårtun har skytebane i kjellaren, og blir nytta jamnleg av Gula Skyttarlag. Huset har også ungdomsklubb, øvingsrom, stor sal med scene, kjøkken og ein småsal i andre etasje.

- Dersom du ynskjer å leige Vårtun:(Som du ser er det lurt å vere medlem😉)
04/05/2026

- Dersom du ynskjer å leige Vårtun:
(Som du ser er det lurt å vere medlem😉)

Tid for medlemskontingent😊☀️Årsmøtet vedtok å halde kontingent som siste åra,- kr 400 for ein familie, kr. 200 for enkel...
03/05/2026

Tid for medlemskontingent😊☀️
Årsmøtet vedtok å halde kontingent som siste åra,- kr 400 for ein familie, kr. 200 for enkeltmedlem. Medlemskap i EUL gir rabattar ved leige av huset, og elles rabattar ved inngang til rèvy, dans ol.
Håpar de vil støtte oss også i år🌸

Strøk nr 4  - og ferdige, - siste gjeng i aksjon i kveld🙏🥳🥳🥳. Me vil gjerne takke alle som har vore innom for å vaske el...
24/04/2026

Strøk nr 4 - og ferdige, - siste gjeng i aksjon i kveld🙏🥳🥳🥳. Me vil gjerne takke alle som har vore innom for å vaske eller lakke, tusen takk, me hadde ikkje komme i mål utan🙏.
Me skal nok feire innsatsen litt seinare, me må syte for å tyle oss litt også,- ikkje berre arbeide🥳🥳🥳

𝐇𝐮𝐫𝐫𝐚 𝐡𝐮𝐫𝐫𝐚 𝐟𝐨𝐫 𝟏𝟕.𝐦𝐚𝐢 - 𝐡𝐞𝐫 𝐤𝐣𝐞𝐦 𝐚̊𝐫𝐞𝐭𝐬 𝐩𝐫𝐨𝐠𝐫𝐚𝐦:🎈🎈🎈𝙆𝙡. 𝟬𝟵.𝟬𝟬 𝙆𝙖𝙥𝙥𝙧𝙤𝙞𝙣𝙜 𝙫𝙚𝙙 𝙎𝙖𝙣𝙙𝙖𝙡𝙨𝙠𝙖𝙞𝙖𝙆𝙡. 𝟭𝟮.𝟬𝟬 𝙁𝙤𝙡𝙠𝙚𝙩𝙤𝙜, 𝙨𝙩𝙖𝙧𝙩 𝙫𝙚𝙙 𝙂𝙪𝙡...
23/04/2026

𝐇𝐮𝐫𝐫𝐚 𝐡𝐮𝐫𝐫𝐚 𝐟𝐨𝐫 𝟏𝟕.𝐦𝐚𝐢 - 𝐡𝐞𝐫 𝐤𝐣𝐞𝐦 𝐚̊𝐫𝐞𝐭𝐬 𝐩𝐫𝐨𝐠𝐫𝐚𝐦:🎈🎈🎈

𝙆𝙡. 𝟬𝟵.𝟬𝟬 𝙆𝙖𝙥𝙥𝙧𝙤𝙞𝙣𝙜 𝙫𝙚𝙙 𝙎𝙖𝙣𝙙𝙖𝙡𝙨𝙠𝙖𝙞𝙖
𝙆𝙡. 𝟭𝟮.𝟬𝟬 𝙁𝙤𝙡𝙠𝙚𝙩𝙤𝙜, 𝙨𝙩𝙖𝙧𝙩 𝙫𝙚𝙙 𝙂𝙪𝙡𝙚𝙣 𝙨𝙟𝙪𝙠𝙚𝙝𝙚𝙞𝙢
𝙆𝙡. 𝟭𝟮.𝟯𝟬 𝙆𝙧𝙖𝙣𝙨𝙚𝙣𝙚𝙙𝙡𝙚𝙜𝙜𝙞𝙣𝙜 𝙤𝙜 𝙩𝙖𝙡𝙚 𝙫𝙚𝙙 𝙢𝙞𝙣𝙣𝙚𝙨𝙩ø𝙩𝙩𝙖 𝙪𝙩𝙖𝙣𝙛𝙤𝙧 𝙠𝙮𝙧𝙠𝙟𝙖.
𝙆𝙡. 𝟭𝟯.𝟬𝟬 𝙏𝙤𝙜𝙚𝙩 𝙨𝙩𝙤𝙜𝙜𝙖𝙧 𝙫𝙚𝙙 𝙀𝙞𝙫𝙞𝙣𝙙𝙫𝙞𝙠 𝙚𝙡𝙙𝙧𝙚𝙨𝙚𝙣𝙩𝙚𝙧.
𝙆𝙡. 𝟭𝟯.𝟯𝟬 𝙎𝙖𝙢𝙡𝙞𝙣𝙜 𝙞 𝙜𝙮𝙢𝙨𝙖𝙡𝙚𝙣, 𝙀𝙞𝙫𝙞𝙣𝙙𝙫𝙞𝙠 𝙨𝙠𝙪𝙡𝙚.
- 𝙏𝙖𝙡𝙚 𝙛𝙤𝙧 𝙙𝙖𝙜𝙚𝙣
- 𝙐𝙣𝙙𝙚𝙧𝙝𝙖𝙡𝙙𝙣𝙞𝙣𝙜 𝙫𝙚𝙙 𝙚𝙡𝙚𝙫𝙖𝙧 𝙛𝙧𝙖̊ 𝙀𝙞𝙫𝙞𝙣𝙙𝙫𝙞𝙠 𝙨𝙠𝙪𝙡𝙚
- 𝙆𝙖𝙛𝙚̀ – 𝙜𝙧𝙖𝙩𝙞𝙨 𝙠𝙖𝙠𝙚𝙧 𝙤𝙜 𝙠𝙖𝙛𝙛𝙞, 𝙨𝙖𝙡 𝙖𝙫 𝙗𝙧𝙪𝙨, 𝙝𝙤𝙩-𝙙𝙤𝙜𝙨 𝙤𝙜 𝙢𝙖𝙧𝙨𝙞𝙥𝙖𝙣𝙠𝙖𝙠𝙚.
𝘾𝙖. 𝟭𝟰.𝟭𝟱 𝙇𝙚𝙞𝙠 𝙤𝙜 𝙢𝙤𝙧𝙤 𝙥𝙖̊ 𝙨𝙠𝙪𝙡𝙚𝙥𝙡𝙖𝙨𝙨𝙚𝙣

Første strøk😊Tusen takk til gjengen som stilte med godt humør, lakkrulle og kost i kveld🙏
21/04/2026

Første strøk😊Tusen takk til gjengen som stilte med godt humør, lakkrulle og kost i kveld🙏

Kvitte oss med støvet på måndag🪣🧹 og så lakking😃
18/04/2026

Kvitte oss med støvet på måndag🪣🧹 og så lakking😃

Hurra🙌I dag vart me ferdige med å slipe bort lakk og gammal moro😃- Men no må det vaskast🤪🪣🧹.Kan du hjelpe oss med dette ...
17/04/2026

Hurra🙌
I dag vart me ferdige med å slipe bort lakk og gammal moro😃
- Men no må det vaskast🤪🪣🧹.
Kan du hjelpe oss med dette no på måndag? Me startar kl 12 og held på gjennom dagen, kom når det passar. Kaffi og litt å bite i syter me for😊.

PS! Om du ikkje vil vaske, kanskje du har høve til å vere med og lakke golv i neste veke? Me brukar rulle og forlengarskagt for ordens skuld😊.

Gje oss gjerne ein lyd om du kan bidra med noko så veit me kor mykje kaffi me skal koke😊☕️

No tek me helg☺️💪

16/04/2026

👋Hei er det nokon som tilfeldigvis passerer Mongstad/Cramo ila dagen som kan ta med ein boks med pusseskiver til Eivindvik?
- Sliper golv…🤯

Jaja, sånn går nu dagan..😂🙈🥵
14/04/2026

Jaja, sånn går nu dagan..😂🙈🥵

10/04/2026

👋 Kan du hjelpe oss?

Ungdomshuset er hyppig utleigd og med konfirmasjon og bryllup dei kommande månadane ynskjer me å ordne litt på huset.

🛠️Neste veke har me leigd slipemaskin til golvet frå måndag til torsdag. Dersom du har høve til å hjelpe oss nokre timar ein av desse dagane- dagtid eller kveld, blir me svært glade for det🙏

Me treng også litt vaskehjelp undervegs, og deretter lakking veka etter.

Skriv her eller send oss ei melding 901 42 025 dersom du har høve til å bidra.

08/04/2026

Årsmøte for 2025 og val til styre og nemnder på plass. Ein solid gjeng, dette blir bra👍
Årsmelding blir lagt ut i eigen post.

Følgjande er valde til styret i Eivindvik Ungdomslag 2026-2027:
Styreleiar: Ragnhild Undertun, attval, (2026-2028)
Nestleiar: Marit Fosse, ikkje på val, (2025-2027)
Styremedlemmar:
Anne Hauge, attval, (2026-2028)
Guri Mongstad, ikkje på val, (2025-2027)
Marianne Aarethun Rode, ny, (2026-2028)

Husstyre:
Leiar: Rune Østerbø, attval, (2026 – 2028)
Asbjørn Refsdal, attval, (2026 – 2028)
Marianne Undertun, ny, (2026 – 2027)
Eirik Fosse, attval, (2026-2027)

Lyd – og lysansvarleg; Bjarte Undertun, ny, (2026 – 2028)

Utleigeansvarleg: Anne Refsdal, ikkje på val, (2025-2027)

Teaternemnd:
Leiar: Håkon Kinsarvik, ikkje på val, (2025-2027)
Elise Molde, attval, (2026-2028)
Veslemøy Dingen, attval, (2026 – 2028)
Susann Norman, attval, (2026 – 2028)

Kjøkennemnd:
Leiar: Signe Lovise Flolid, attval, (2026 – 2028)
Suzanne Gausereide Bauge, ikkje på val, (2025-2027)

Revisorar 1 år
Marian Opdal
Martha Eidnes

Adresse

Henriksbø 19
Eivindvik
5966

Telefon

+4790142025

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Eivindvik Ungdomslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Eivindvik Ungdomslag:

Del