Gulen frivilligsentral

Gulen frivilligsentral Gulen frivilligsentral ynskjer etablere ei side der du som frivillig kan synleggjere deg. Er det noko du kan bidra med så kan du melde deg innpå sida.

Er det noko du ynskjer hjelp til kan du kontakte dei frivillige via personleg melding.

28/05/2026

I morgon fredag 29.mai er siste frist for påmelding til Sommaraktivitetsveka. Me har allerede 50 påmeldingar, men me har plass til fleire. Gå inn på Friskus for å lese meir, og bruk forms-skjema som ligg der til påmelding. Me gleder oss🥳

Vil de vere med og skape kjekke sommarminne for barn og unge i Gulen?Vi inviterer lag, organisasjonar og privatpersonar ...
21/05/2026

Vil de vere med og skape kjekke sommarminne for barn og unge i Gulen?

Vi inviterer lag, organisasjonar og privatpersonar til å arrangere aktivitetar i veke 28–30. De kan søke om støtte til opne og gratis tiltak for barn og unge. Me har òg ei opning i sommeraktivitetsveka Onsdag 24.Juni, dersom nokon ønsker å bidra der.

Les meir og sjå korleis de søker her:

I veke 28–30, når barnehagar og SFO held stengt, ønsker Gulen kommune å legge til rette for varierte aktivitetar for barn og familiar i bygdene våre.

15/05/2026

Hørselskafé på Dalsøyra på mandag.
Hørselsforbundet kjem til Dalsøyra skule 18. mai kl. 17.00–19.00 og inviterer til hørselskafé i matsalen i samarbeid med Frivilligsentralen.
Det blir:
• Kaffi, litt å bite i og hyggeleg prat
• Informasjon om hørsel og hjelpemiddel
• Rettleiing og hjelp med vanleg vedlikehald av høyreapparat
Arrangementet er ope for alle, og du treng ikkje melde deg på. Velkomen innom for ein uformell og nyttig ettermiddag.

05/05/2026

Påmelding til Sommeraktivitetsveka 22-24.Juni 2026 er no open🥳
Aktivitetsveka, transport og mat er gratis for alle som deltar.
Siste frist for påmelding er fredag 29.mai.
Meld på borna i forms-skjema i Friskus-arrangementet, og sjekk gjerne ut kva andre kjekke aktiviteter som skjer i kommunen.
Meir info blir oppdatert på Friskus.
PS: Last ned Friskus Kommune-app, so har du aktivitetskalenderen rett i lomma 😃

Har de lyst til å skape noko viktig for ungdom i Gulen?No kan lag, organisasjonar og engasjerte privatpersonar søkje om ...
04/05/2026

Har de lyst til å skape noko viktig for ungdom i Gulen?

No kan lag, organisasjonar og engasjerte privatpersonar søkje om midlar til å starte eller drive ungdomsklubb i Gulen kommune.

Vi ønskjer fleire trygge, sosiale og inkluderande møteplassar der ungdom kan møtast, ha det kjekt og kjenne på fellesskap og tilhøyrsle.

De kan søkje om:
• kr 5 000 i oppstartsstøtte per klubb

• høgare sum til større prosjekt

• mogleg ekstra tildeling ved årsslutt for klubbar som er i aktiv drift

Kva krevst for å få støtte?
Tilbodet må vere:
• ope for alle ungdomar

• gratis å delta på

• synleg i Friskus

Har de eit lokale, ein idé eller eit engasjement for ungdom i bygda? Då håpar vi de søkjer.

Send ei kort skildring av kven de er, kva de vil gjere, og eit enkelt budsjett til:

[email protected]

Har de spørsmål om søknadsprosessen eller Friskus?

Ta kontakt med frivilligsentralen på 404 46 022

Vi gler oss til å høyre frå dykk!

⏰ Siste sjanse! Søknadsfristen er i dag – 27. mars klokka 13.00.Frivillige lag og organisasjonar blir minna på at tilsko...
27/03/2026

⏰ Siste sjanse! Søknadsfristen er i dag – 27. mars klokka 13.00.
Frivillige lag og organisasjonar blir minna på at tilskotsordninga Aktivitetstiltak for eldre har frist i dag.
Ordninga støttar tiltak som skaper aktivitet, fellesskap og gode møteplassar for eldre frå ca. 60 år og oppover.
👉 Hugs at søknaden skal sendast digitalt via Helsedirektoratet si tilskotsportal.

Målet er å fremme fysisk og sosial aktivitet, og gi flere eldre mulighet til å delta og bidra i frivilligheten. Tilskuddsordningen inngår i regjeringens Eldreløft, og skal bidra til at flere eldre kan delta på aldersvennlige møteplasser og bidra som frivillige til felleskapet. Ordningen skal ...

🌿 Bli med på vårryddedagen i Gulen!No som snøen har smelta, dukkar det fram mykje som ikkje høyrer heime i naturen. Difo...
20/03/2026

🌿 Bli med på vårryddedagen i Gulen!
No som snøen har smelta, dukkar det fram mykje som ikkje høyrer heime i naturen. Difor samlar vi krefter før ferdselsforbodet for hekkande fugl startar 15. april – og vi håpar DU vil vere med!

Ta med hanskar og ein sekk, og rydd der du bur eller langs stiar, strender, elvar og vegar. Litt innsats frå mange betyr mykje for naturen vår.
Gratis hanskar og sekker finn du på kommunehuset i Eivindvik ei veke før aksjonen. Større mengder avfall kan leverast på NGIR sine mobile gjenvinningsstasjonar i april.
💚 Saman tek vi vare på naturen – bli med og gjer ein forskjell!

PS: Om nett i dag ikkje passar perfekt, er det fullt mogleg å rydde på søndag eller tirsdag og.

PPS: Sjekk ut aktivitetene som skjer framover i kommunen på Friskus app eller gulen.friskus.com. Om du har eit kommande arrangement er det berre å lage seg ein arrangør-konto :)

https://gulen.friskus.com/events/3dbf19f5-7952-4cf0-9311-15c794ca4dd1

Ryddeaksjonen skjer før ferdselsforbodet for å verne hekkande fugl trer i kraft 15. april. Så hugs å ta omsyn til dyrelivet, same når du ryddar. Du kan rydde langs elvar, innsjøar, strendar, holmar, øyar, stiar og i nabolaget – eller der du tenker det trengst ei god opprydding. Spesielt ett...

💪 Fallførebyggande styrketrening på Byrknes!I dag skal me endelig i gang med fallforebyggande trening på Byrknes.Har du ...
10/03/2026

💪 Fallførebyggande styrketrening på Byrknes!
I dag skal me endelig i gang med fallforebyggande trening på Byrknes.
Har du lyst å bli sterkare, tryggare og samtidig treffe folk i nærmiljøet? Då er du hjarteleg velkommen til vår faste treningsøkt i gymsalen på Byrknes Skule.
🕒 Tid: Tirsdagar 11.30–13.30
Vi startar med ein time styrketrening, og held fram med ein time sosialt samvær med god stemning.
🌟 Alle er velkomne – uansett nivå!
Fysioterapeutane våre er med og rettleier, slik at du kan trene trygt og tilpassa dine eigne føresetnader.
Ta med deg ein venn, eller kom aleine og møt nye folk. Vi gler oss til å sjå deg!

🎨 Gulen kommune i UKM fylkesmønstring 2026! 🎉Me er stolte av å presentere dei tre kunstverka som er valt ut til å kunne ...
06/03/2026

🎨 Gulen kommune i UKM fylkesmønstring 2026! 🎉
Me er stolte av å presentere dei tre kunstverka som er valt ut til å kunne representere Gulen kommune under fylkesmønstringa i Førde i april 2026!

Dette er imponerande arbeid som viser både kreativitet, mot og eit sterkt kunstnarleg uttrykk. Ein stor gratulasjon til dei tre dyktige utøvarane. Og ein stor takk til Susan Norman som er vår fagdommar på kunst.
Me gler oss til å sjå dykk skinne vidare i Førde! 🌟

(Me tar sjølvkritikk på at me ikkje klarer å få fram kor gode kunstverka er i virkeligheten, på dei bilda me har tatt. Kanskje nokon har lyst å delta med foto på UKM neste år, og hjelpe oss med den biten? ;) )

20/02/2026

Skal laget bygge eller restaurerer kulturbygg? Då kan de søke tilskot.

Adresse

Eivindvik
5966

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gulen frivilligsentral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Gulen frivilligsentral:

Del