09/11/2025
Velkomne til julebord!
Trivsel for eldre samlar inn midlar til trivselstiltak, og bidreg til å lage arrangement for eldre.
Rådhusvegen 1
Eide
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Trivsel for eldre i Vanylven legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Send en melding til Trivsel for eldre i Vanylven:
Org.nr.: 818314752 6143 FISKÅ Bankkontonr.: 3910.57.34119
Vanylven sitt lag «Trivsel for eldre» arbeider, som tittelen tilseier, med eit mål om at vi skal ha det kjekt som eldre i vår kommune. Utgangspunktet for at laget vart starta var eit ynskje om å kunne bidra med noko som får dei eldre på institusjonane meir aktive, og ute i fri luft. Samtlege i styret sit også i kommunen sitt eldreråd, og det var der initiativet til å skape laget vart teke.
Vår hovudsatsing har vore å skaffe midlar for å kjøpe inn elektriske syklar som eldre kan ha glede av. Vi oppmodar frivillige, familie, vener og tilsette stille opp som syklistar, og gje menneske med nedsett funksjonsevne og mobilitet ein sjanse til å kome seg ut på sykkeltur. Passasjerane får auka livskvalitet gjennom felles oppleving av å suse av garde og vere tett på livet.
Vi har samla inn nok midlar til to syklar, den eine til omsorgssenteret på Fiskå, og ein til Syvdetun, og er svært takksame for alle som har bidrege til at dette har vore mogleg. Våre største sponsorar har vore Sparebanken Møre og Gjensidigestiftinga, men elles har lokale bedrifter og privatpersonar også bidrege til at dette har vore mogleg å få til.