12/12/2025
På siste møtet for året, feirar vi oss sjølve med god mat og trivelig selskap. Vi legg bak oss eit aktivt år, kor alle har bidrege med det dei klarar- og meire til😁💪! Ingen kan gjera alt, men saman klarar vi det meste.😁
Den tradisjonelle julemiddagen vart i år innteke på Jetta- takk for god mat 🤶❤️.
Før middagen var vi innom på skulekjøkne på Dovre, kor vi saman med fritidsklubben og Samfunnshuset har kjøpt inn til komplette stasjonar for matlaging. Her skal vi bruke mykje tid på opplæring og glede omkring tradisjonsmat. Her kan ein drive med alt frå takkebakst til kjøtt foredling- kanskje har du nokre idear og? Vi vil gjerrne ha feire medlemmar og, så her er du hjarteleg velkommen ❤️
God jul og eit riktig godt 2026 frå damene i Dovre Bygdekvinnelag ❄️☃️🎄