Mosjordet Grendahus SA

Ring Veibeskrivelse Kontakt organisasjonen

Mosjordet Grendahus SA Grendahus sidan 1978 - med utleigelokale for små og større arrangement. Vi arrangerar òg årleg basar. NB! Nye prisar gjeld frå 01.06.2023.

- Telefon utleigar: 906 03 719
- E-post styret: [email protected]
- Priser utleige: frå kr. 200,- Kontakt oss for nærare informasjon om eigna lokale og prisar til ditt arrangement.

10/06/2026

SOMMARSOLKVERV, ELLER LITT TIDLEG ST.HANS-FEIRING
PÅ MOSJORDET,
LAURDAG 20.06.
KL 1800 – 2300
GRILLANE ER VARME FRÅ KL 1800 OG VI HELD KAFFE/TE. ANNA DRIKKE OG GRILLMAT LYT DU TA MED SJØLV.

KASTING PÅ STIKKA. UTLODNING. BÅLBRENNING OM VÊRET TILLET DET.
VELKOME

01/06/2026

24 personar møtte opp på den siste kaffekvelden før sommaren. Merete Killi og Anders Bjørke prata om boka "Kiosker, bensinstasjoner, mat og seng". Boka vart desverre ikkje ferdig til denne kvelden, men er i avslutningsfasen for utgjeving. Boka vil verta lansert på Toftemo når ho er ferdig. Dei synte noko av bileta som er med i boka og fortalde litt om enkelte av dei plassane og personane som er omtala i boka. Det skal verta spennande å lese i ho når ho eingong kjem.
Takk til dei som tok turen til Grendahuset og takk til Merete og Anders for gjennomgangen av boka.
Det er truleg vi fortset med kaffekvelder med tema etter somaren, Fylg med på sidene til Mosjordet samt "Friskus" og "Oppslagstavle for Dovre". Laurdag 20.juni er det "før-St.Hans-markering". Velkome.

28/05/2026

Måndag 1. juni er siste kaffekvelden på grendahuset før sommaren. Merete Killi vil prate litt om boka som er under arbeid og som omhandlar kioskar, campingplassar, kafear og overnattingsstader. Som vanleg kaffe og nogo attåt og utlodning. Ta med ein liten sak til utlodninga. Velkome åt Mosjordet kl 1900.

03/05/2026

Vi miner om kaffekveld med hageprat måndag 4.5. KL. 1900.

27/04/2026

Da er det ei veke til vi skal ha kaffekveld på grendahuset att. Temaet denne kvelden, 4./5., er hage, noko som vel må vera aktuelt i mai månad. Inger Hessen skal fortelja korleis dei har fått til ein frodig hage på ei karrig lyngtomt på kanten mot fjellet. Her er det sikkert idear, inspirasjon og tips å hente for nokon kvar som er interesserte i hage og hagearbeid. Og som vanleg spanderer grendahuset kaffe med noko attåt, og så har vi utlodning. Alle, frå nær og fjern, er velkomne.

14/04/2026

Totalt 14 personar på kaffekvelden 13. april da Øyvind Nordli prata vêr. Takk til Nordli for foredraget og takk til dei som møtte fram for besøket.
Neste kaffekveld er 4.mai. Da vil Inger Hesen prate om hage og hagearbeid.

Her er det plass til mange flere på kaffekveld! Tema for kvelden er været i Dovre! 😍
13/04/2026

Her er det plass til mange flere på kaffekveld! Tema for kvelden er været i Dovre! 😍

11/04/2026

Kaffekveldane våre er eit tilbod til folk for å kunne møtast å prate med ein annan. Vi veit at mange møtast på kafeane både på formiddagen og seinare på dagen. Dette er ikkje tenkt som nokor konkurranse til dette, men heller eit suplement. Sjølv om det kræsjar med Dagsrevyen håper vi at dykk vil ta ein tur for å slå av ein prat med andre. Vi prøver nå å "putte inn" eit tema som vil vare 45 - 60 min +/-, slik at det kan vera litt fagleg, kulturelt og/eller underhaldande og få med seg. Folk innanfor og utanfor kretsen er hjerteleg velkomne. Alt er fritt, men vi ser gjerne at dykk tek med ein iten sak som egnar seg til utlodning. Fram ril sommaren er det tre måndagskveldar: 13.april, 4.mai og 1.juni. Alle er velkomne.
l

I dag har vi gjennomført vårt første påskemarked på grendahuset! Tusen takk til alle som bidro, både "kremmare" og besøk...
31/03/2026

I dag har vi gjennomført vårt første påskemarked på grendahuset! Tusen takk til alle som bidro, både "kremmare" og besøkende! Vi håper det kan bli en årlig, ny tradisjon med "martna" på Mosjordet! 🐣

Med dette ønsker vi alle våre følgere en riktig god påske!

Adresse

Gudbrandsdalsvegen 2235
Dombås
2660

Telefon

+4790603719

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Mosjordet Grendahus SA legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Mosjordet Grendahus SA:

Snarveier

Del

Kategori