11/09/2024
Eg sit og les pesum som engasjerermeg. Og det er veldig kjekt. Og blant anna så står det i mi pensumbok at mykje av det barna får innputt for tida på fritida er via TV, internett, gaming og nettbrett. Kortfatta til internett og gaming som er retta mot eit internasjonalt publikum. No veit eg at Stamnes oppveksttun er ganske flinke til å formidle lokal kultur. Og vi har og VaksdalPosten som formidler av det lokale kulturlivet i kommunen vår.
Men, korleis formidle kulturen vidare til dei unge på fritida slik at dei kan blir meir engasjert i sitt lokale kultursamfunn når dei har kome opp i tenåra?
For slik eg ser det, så mister dei unge litt av interessa av å vere med på kulturaktivitetar når dei har begynt på ungdomsskulen. Har dei blitt for over-aktivisert frå barnehagealder til tenåra at dei seier at nok er nok? Dette fenomenet gjeldt over alle type aktivitetar, ikkje berre musikk og kunst. Idrett er og kultur på lik linje som kunst og musikk.
Og kultur er jo enda mykje meir enn musikk, kunst og idrett. Men, det er jo det vi definerar som kultur.
Må ikkje gløyme historie og. Er kultur det og. Bygdasjarm og Skipshellaren er ein del av kulturarven vår. Der blir der og gjort ein god jobb.
Vaksdal Husflidslag gjer og ein god jobb for dei unge i kommunen. Men, det er mest for dei spesielt interesserte. Det gjeldt og mykje av anna organiserte kulturelle aktivitetar.
Skal ikkje gløyme Brørvikaskuto heller.
Eg sjølv har lyst til å starte opp Kreativt Verkstad der ein tar i bruk dagens teknologi til å skape produkter. Men, å drive noko slikt aleine går ikkje. For det krever fleire engasjerte folk til det. Og det koster og ein del i utstyr.
Så mitt store spørsmål og utfordring. Korleis få ungdomen til å forsette med kultur. Korleis skal vi voksne klare å holde dei på sine fritidsaktivitetar utan at dei kun kjme ut av soverommet sitt når dei skal på VBUK LAN?