01/04/2026
Frivilligsentralen og volontørane i Fjaler har vore på tur!
Rhona, Caro og Karlina saman med volontørar Mia og Malin frå Askvoll har vore i Hafjell for å vere frivillige på Ski World Cup finals.
Caro og Karlina sine ord om opplevinga:
“Det var ein lang tur men på kvelden var vi i Hafjell. Laurdag byrja vi med arbeidet. Vi (Caro og Karlina) jobba i Funksjonærservice, der vi registrerte andre volontørar og delte ut kler. Det var ein fin jobb fordi vi møtte mange andre personar. Vi hjelpte også litt til i matteltet, men den mest interessant jobben var då vi var på start av storslalåmen og kunne sjå utøvarane. Rhona, Mia og Malin arbeidde i VIP Club telt, vid festen for utøvarane, i Lukas Pinheiro Bråtens supporter telt, og Malin og Mia steikte uhorveleg mange burger!
Etter 5 arbeidsdagar var World Cup Finals over men vi vart litt lenger i Hafjell for å stå i slalåmbakken! For Mia og Caro var dette første gongen dei stå på slalåmskia og dei lærte veldig fort so vi kunne køyra samen. Det var veldig gøy!
Alt i alt var det veldig fint å vera ein del av ein stor hending og vi lærte mykje».
Det var fleire hundre frivillige som jobba i Kvitfjell og Hafjell, mange frå utlandet og dessutan mange folkehøgskoleelevar frå Nordfjord. Det er gøy å notera at det var 4 til ESC volontørar som vart med etter dei høyrde at vi skulle bidra!
Dette var og ei solid oppleving for Dagleg leiar i frivilligsentralen! Ikkje berre alt spennande rundt sjølve konkurransen eller å helse på gamle kjente, men det var og verdifull å sjølv vera frivillig i ein stor samanheng - mange moglegheiter for læring!
God påske!