Jæren Senioruniversitet

Jæren Senioruniversitet Gjennom forelesingar og ekskursjonar tilbyr JSU innføring i utvalde fag og emne utan sikte på at dette skal gje formell kompetanse.

JSU har, dersom anna ikkje er annonsert, møtestad på Time bibliotek den siste torsdagen i månaden frå kl 11 til 13.

Velkommen til Jæren Senioruniversitet 27.mars kl 11:00 på Time bibliotek.Arne Nævra (f. 1953) er ein av Nordens mest pro...
19/03/2025

Velkommen til Jæren Senioruniversitet 27.mars kl 11:00 på Time bibliotek.

Arne Nævra (f. 1953) er ein av Nordens mest profilerte naturfilmskaparar, kjend frå eit utal av program og seriar på NRK. Mange vil minnast seriar som «Villdyr og villmark», «Norske naturperler», «Norges villmarker» og «Min natur».

I mars, medan våren gryr over Jæren og trekkfuglane vender tilbake, får me oppleva den dyktige naturfotografen og engasjerte forteljaren i film og tale. Nævra er rykande aktuell med ei ny bok, «Naturen og oss», der han skildrar både naturglede og natursorg etter mange tiår bak filmkameraet.
Ja, etter fire år på Stortinget òg. Nævra sat nemleg frå 2017 til 2021
som representant for SV i Buskerud. Desse erfaringane har gitt Nævra stor uro for kva me gjer med naturen, gjennom stadig meir nedbygging av viktige areal.

Velkommen til Jæren senioruniversitet torsdag 27. februar kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotekKva slags mat bør me eta f...
22/02/2025

Velkommen til Jæren senioruniversitet torsdag 27. februar kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek

Kva slags mat bør me eta for å halda oss friske og spreke? Finst det mirakelkurar, eller er tradisjonelt norsk kosthald godt nok? Kan me læra noko av idrettstoppane våre?

Desse spørsmåla er tema for foredraget til Torbjørg Haugen (f. 1960). Ho er utdanna kokk og har arbeidd på hotell, restaurantar og kafear, i tillegg til alders- og sjukeheimar. Ikkje minst laga ho i mange år mat til nokre av dei fremste norske idrettsutøvarane. Frå 1998 til 2011 var ho tilsett i Norges Skiforbund/Skiskyttarforbund, og frå 2011 til 2022 i Molde Fotballklubb, der Erling Braut Haaland spela før han tok steget ut i den store verda.

Torbjørg Haugen er kjend som ein engasjerande og humørfylt formidlar, så her kan me venta oss både nyttige råd og gode historier frå livet blant idrettseliten.

Velkomen til Jæren senioruniversitet torsdag 30. januar kl 11 - 13 på Time bibliotek.Tema:  Kva skjedde med Garborg-fami...
24/01/2025

Velkomen til Jæren senioruniversitet torsdag 30. januar kl 11 - 13 på Time bibliotek.

Tema: Kva skjedde med Garborg-familien i Amerika? v/ Tom Hetland

Våren 2024 reiste Tom Hetland på oppdrag frå Time historielag til Amerika for å gå opp spora etter søskenflokken til Arne Garborg. Målet var å skriva ein artikkel i årboka for historielaget. I foredraget fortel han om kva han fann, og om møte med etterkomarar som både hadde stor kunnskap, som hadde teke vare på mykje kjeldemateriale og som var stolte over å vera i slekt med forfattaren frå Norge.

Tom Hetland (f. 1954) har vore journalist og redaktør, og er styreleiar i Jæren senioruniversitet. Han er utdanna historikar og redigerer Årbok for Time historielag.

Foredraget er ein del av programmet for Garborgdagar 2025.

Velkommen til nytt semester i Jæren senioruniversitet våren 2025Møtestad og tid: Aula i Time bibliotek siste torsdag i m...
22/01/2025

Velkommen til nytt semester i Jæren senioruniversitet våren 2025
Møtestad og tid: Aula i Time bibliotek siste torsdag i månaden kl 11 - 13.

Torsdag 29. august kl. 11: Kjersti Sortland: Aftenbladet og den nye mediesituasjonen Mediebransjen er i rask endring. Digitale plattformer tek over for...

Vekomen til Jæren senioruniversitet 28.november kl 11.00Stad: Time bibliotek.Tema: Skriv me norsk i Norge om femti år?No...
18/11/2024

Vekomen til Jæren senioruniversitet 28.november kl 11.00
Stad: Time bibliotek.

Tema: Skriv me norsk i Norge om femti år?

Norsk språk har tilsynelatande ein sterk posisjon. Nordmenn er eit
lesande og skrivande folk. Dei fleste les ei eller fleire aviser dagleg,
bøker går framleis i store opplag, og norskspråklege forfattarar,
med Jon Fosse i spissen, vert lagt merke til internasjonalt.

Samstundes er språket vårt under press, særleg frå engelsk, som
dominerer i teknologi, internasjonalt næringsliv og populærkultur.
Og digitalisering og kunstig intelligens fører til at me stadig oftare
kan overlata skrivejobbane til maskinar. Kva følgjer får det for evna
og viljen til å oppretthalda bruken av norsk på alle
samfunnsområde? Kva utfordringar stiller utviklinga til den norske språkpolitikken? Og kva med minoritetsspråka våre?

Åse Wetås (f. 1972) frå Sandnes er språkforskar og leksikograf. Sidan 2015 har ho vore direktør i Norsk Språkråd, som er ansvarleg for å følgja opp den norske språkpolitikken og arbeider for å styrkja norsk språk og språkmangfaldet i landet vårt.

https://jaeren-senioruniversitet.no/program-for-haustsemesteret-2024/

Nytt møte i Jæren Senioruniversitet torsdag 31. 0ktober kl 11.00 i Time bibliotek.Tema: Blir Trump president på nytt?Kan...
22/10/2024

Nytt møte i Jæren Senioruniversitet torsdag 31. 0ktober kl 11.00 i Time bibliotek.
Tema: Blir Trump president på nytt?

Kan Trump verkeleg gjera comeback og få ein ny fireårsperiode i Det kvite huset? Kven røystar på han, og kvifor gjer dei eigentleg det? Og kvifor er det berre nokre få tusen røyster som avgjer valet i eit land med over 300 millionar innbyggjarar?

Sigrid Rege Gårdsvoll (f. 1987) frå Sola er journalist og kommentator i avisa Vårt Land og for AmerikanskPolitikk.no. Ho har sidan 2020 kommentert amerikanske val for fleire norske medium. Gårdsvoll er utdanna lærar og har også jobba med kommunikasjon i frivillige organisasjonar og i Den norske kyrkja.

Foto: Erlend Berge

Velkommen til Jæren senioruniversitet torsdag 26. september kl. 11 i aulaen på Time bibliotek.Dagens tema: Smertemysteri...
11/09/2024

Velkommen til Jæren senioruniversitet torsdag 26. september kl. 11 i aulaen på Time bibliotek.

Dagens tema: Smertemysteriet

Me har alle, i varierande grad, kjent på smerte. Men kvifor opplever
me det som kan gjera vondt, så ulikt? Kva slags forhold gjer oss
utsette for smerte, og kva kan gjera oss motstandsdyktige? Kvifor
har kvinner meir vondt enn menn, og kvifor har folk i Norge meir
vondt enn andre i Europa?

Det er tema for foredraget til Audun Aas. Han går i liten grad inn på
konkrete diagnosar, medikament og behandlingsmetodar, men gir
oss eit overordna blikk på fenomenet smerte, ispedd mange pussige
og overraskande fakta.

Audun Aas (f. 1950) er pensjonert anestesilege med bakgrunn frå Smerteseksjonen ved Sykehuset Østfold. I 2018 gav han ut boka «Smerteboken – fra vondt til bedre».

Adresse

Hetlandsgata 11
Bryne
4340

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Jæren Senioruniversitet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del