06/01/2026
Møte i Bryne Rotary tysdag 06.01.26
Tom Hetland, tidl redaktør og kommentator i Aftenbladet, hadde i kveld føredrag om norsk politikk ved årsskiftet ikledd litt utanriks etterkvart.
Framleis klima i Noreg til å ta kvarandre i handa trass i politisk usemje. Stortingsvalet enda med raud blokk 88 mot blå blokk81. Høgre den store taparen , Frp vinnar. Viktige veljaoverganger, størst frå H til FrP. Sp lekkasje til Ap og FrP. Viktig mobilisering av heimesitjarar! FrP lukkast godt med det! Store kjønnsskilnader på stemmegivinga.
Kva avgjorde valet? På topp skatt og avgift , helse og auka fokus på utanriks og forsvar, nedgang miljø og klima. Mindre viktig, skule, distrikt, energi, EU og kriminal.
Dårleg start for Støre, ferjer og studielån. Vanskelig budsjettprosess. Nedgangen har no stoppa. Viktige saker; Økonomisk politikk, Stoltenbergs skattekommisjon for å einast om breie skatteforlik,kommunekrise og KI og Landet som blei for rikt!
Nedgang i oljå- korleis omstille? Kva skal me satse på? Bruk av elektrisk kraft; føringar vil tvinge seg fram. Norgespris for næringslivet? Hetland etterlyser ein seriøs debatt om kjernekraft - kun SV som blankt stemmer nei.
Utanriks og forsvar størst vekst. Trump og trumpismen i Europa. Norge i ein vanskeleg situasjon. Klokt med forsterka nordisk samarbeid og med Storbritannia. Tøffare innvandringspolitikk er det brei semje om.
Dei store Velferdsoppgåvene - utfordringar - Kva har me råd til?
Tutti frutti i fire år? Stort sprik i viktige saker; truleg fleire vedtak over blokkgrensene. Hetland trur dei trass i dette vil halde saman.
Kampen om det blå hegemoniet spennande. Korleis vil dei ulike partia posisjonere seg. Lite truleg at Sp går over til borgarleg side.
Takk for eit engasjerande føredrag Tom Hetland!