Kvitveisen 4H

Kvitveisen 4H 4H-klubb

Under open himmel med Kvitveisen 4HNatt til 1. mai var Kvitveisen 4H på overnattingstur i Geila med 10 av medlemmene vår...
02/05/2026

Under open himmel med Kvitveisen 4H

Natt til 1. mai var Kvitveisen 4H på overnattingstur i Geila med 10 av medlemmene våre 🤩 Me sov i hengekøyer og feira både Natt i naturen og at 4H Noreg fyller 90 år! 🍀🥳

Turen var fylt med mykje kjekt – me laga god mat på bål, mellom anna pizzarull og popcorn på torsdagen 🔥 På fredagen kosa me oss med bursdagsfrukost med toast og brownies laga i appelsinskal 🍊

Elles har me hatt det veldig kjekt saman, med hengekøyer og krabbejakt i fjøra 🦀🌊

Takk for ein super tur! 💚

30/04/2026
I dag har Kvitveisen 4H hatt ein kjekk og aktiv skøytedag på Geirevatnet på Kringla ❄️⛸️ Me hadde med oss bålpanne til g...
11/01/2026

I dag har Kvitveisen 4H hatt ein kjekk og aktiv skøytedag på Geirevatnet på Kringla ❄️⛸️

Me hadde med oss bålpanne til grilling. Rundt 40 store og små møtte opp og fekk prøva isen – ein flott dag ute i lag! 🍀

HeiKjekt att så mange vart med oss på tur på lørdag. Me håpar de som møtte opp hadde ein kjekk dag i Geila.🍀Me har no ha...
21/09/2025

Hei

Kjekt att så mange vart med oss på tur på lørdag. Me håpar de som møtte opp hadde ein kjekk dag i Geila.🍀

Me har no hatt ein trekning av premiane for naturstien som de ser under ⬇️

Drikkeflaske:
Vegard Engeseter
Ove Johnny og følge

Hovudlykt:
Kristan Kallestad + Gustav
Sandra Hovland og følge

Matboks med innhold:
Herman og Kasper Kalvøy
Håkon og Bendik - Oppedal
Karoline Wergeland

Brettekopp:
Sofie Hajortholm
Elisabeth Vagstad
Iver, Lea og Ella Instefjord
Berner Ellingsen Dyrøy
Harald og Ingeborg Takle
Mathias, Markus og Fillip

Nokre bilder frå Brekkekrinsdagen 🍀
26/05/2025

Nokre bilder frå Brekkekrinsdagen 🍀

24/05/2025

Dei som ynskjer å delta på fiskekonkuransen i morgen. Kan registrere seg med 4H telta. Husk at ein må sjølv ta med seg fiske utsyr. Me har premier for den som kjem med den største fisken.

Me har premiar to klassar:
0 - 8 år
9 - 17 år

Tusen takk til Statskog!Kvitveisen 4H vil rette ein takk til Statskog SF  for støtta me har fått til innkjøp av hengekøy...
21/05/2025

Tusen takk til Statskog!

Kvitveisen 4H vil rette ein takk til Statskog SF for støtta me har fått til innkjøp av hengekøyer!

Med dette bidraget kan me legge til rette for fleire fine friluftsopplevingar for både små og store medlemmer.

Kvitveisen 4H får støtte fra Statskogmillionen til innkjøp av hengekøyer.

Tusen takk til alle som vart med på «Heile Noreg båler» i Gaila! Utruleg kjekt att det var rundt 40 som møtte opp for å ...
21/01/2025

Tusen takk til alle som vart med på «Heile Noreg båler» i Gaila!

Utruleg kjekt att det var rundt 40 som møtte opp for å markere starten på Friluftslivets år 2025 saman med oss. Det var ein flott dag med bål, grilling, natursti og god stemning ute i naturen. 🔥🌲

Takk til idrettslaget som stilte opp med varm kakao og kaffi til alle ☕❄️

Til slutt så vi me gratulere Tilde og Eline som vinnarane av naturstien, dei hadde alt rett. Premien vil komme snart.

Me håper alle hadde ein fin dag saman med oss.

Helsing
Kvitveisen 4H 🍀

4H Sogn og Fjordane

Nokon som saknar desse tinga...?
27/05/2018

Nokon som saknar desse tinga...?

Adresse

Brekke

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvitveisen 4H legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del