19/03/2026
Når livet snur - kva gjer vi då?
Brattvåg Rotaryklubb inviterte til ope møte med temaet "Når livet snur - kva gjer vi då?". Norun Sønderland Nustad fortalde om si reise i samband med ein alvorleg kreftsjukdom medan Tanja Alme fortalde om arbeidet sitt som kreftkoordinator i Sula kommune.
Presidenten vår, Ewa Hildre, ønskte dei nærare 200 frammøte velkomen til dette møtet i storsalen i Ingebrigt Davik-huset.
Så fekk Norun Sønderland Nustad ordet og fortalde om livet sitt som kreftpasient. Ho fortalde om sjukdomsforløpet og rehabiliteringa i samband med diagnose, operasjon og cellegift- og strålebehandling. Ho leverte ei sterk skildring av eit liv med både opp- og nedturar, ikkje minst det siste. Mange av desse kom som resultat av uheldige bivirkningar av behandlinga. I dag er målet å kome tilbake til jobben sin i Sparebanken Møre i så stor grad som mogleg.
Andre del av programmet stod Tanja Alme for. Ho er utdanna sjukepleiar med spesialisering i palliativ (lindrende) behandling. Ho er tilsett i full stilling som kreftkoordinator i Sula kommune. Ho delte av si store erfaring med arbeidet sitt blant og for kreftpasientane. Ho ga oss eit interessant og godt innblikk i ein kvardag full av utfordringar, men også om mange gode tilbod og moglegheiter som finst der ute.
Siste del av kvelden var ein samtale mellom Norunn og Tanja der dei to frå kvar sin ståstad utveksla erfaringar og opplevingar omkring denne alvorlege sjukdommen.
Brattvåg Rotaryklubb vil takke Norunn og Tanja for sine sterke bidrag til denne kvelden. Vi vil også takke sponsorane våre som gjorde dette mogleg og til slutt dei mange frammøtte som tok turen innom!