08/06/2026
Ei givande og innhaldsrik landsmøtehelg er over! - Med nye bekjentskap, ny kunnskap, og kanskje også litt stolthet og takknemlighet for det fine felleskapet vi er ein del av.
Rundt 300 deltakarar frå helselag og demensforeningar i heile landet, som mellom anna fekk helsing frå kong Harald, Nasjonalforeningens høge beskyttar; og frå helse- og omsorgsminister Jan Chistian Vestre, som takka for den betydningsfulle frivillige innsatsen vi gjer, og for at vi stadig ser framover og leitar etter "der vi trengs mest".
Vi fekk nydeleg sang frå pikekor og Bollywoodkor; foredrag av forskar Edvard Moser, og frå Nasjonalforeningens demensforskningssenter. Paralellsesjonar med fagleg innhald og presentasjon av enkelte lokallag. Tur langs Akerselva, for dei som ville det. Avtroppande styreleiar Dag Thelle heldt innlegg om Nasjonalforeningens historiske betydning.
Gjennomføring av dei formelle landsmøtesakene, med vedtak av fire resolusjonar: Betre folkehelse og redusert sosial ulikhet i helse for barn og unge, meir Demensforsking, Likeverdig tilgang til tenester, og meir forsking på Kvinnehjarta (det siste, fremma av 7 lokallag frå Hordaland). Ny sentralstyreleiar blei Geir Riise. Gratulerar til dei to frå oss som blei vald inn i sentralstyret; Rita Tveiten frå Hordaland og Jens Henrik Wølke Friis frå Sogn og Fjordane som vara. Og takk til Asborg Leirdal Kjærvik, Sogn og Fjordane, som gjekk ut.
Ei herleg helg! – (Takk for lån av bilete frå ulike lokallag sine Facebooksider).