25/05/2025
🎼🎺🎷Mini-festival for junior og aspirant. 📯🥁🎼
Fire korps marsjerte saman igjennom Osøyro og haldt konsertar på laurdag, før øving, leik, mat, kviss, disco, lite soving og mykje hygge på Borgafjellet skule. 🎉🍕🤸🏻♀️🍇🌭
Kjekt for både vaksne og born med nye venar i andre korps! 🥳
Takk til musikantar og foreldre i Os skulekorps, Ulriken Janitsjar, Haukeland Kronstad skolekorps og sjølvsagd til alle i Landås skoles musikkorps for mykje innsats for ei strålande helg. 🧹🦺🔑🛏🚗
Takk til instruktørane og dirigentane Berit, Bjørnar, Vilde og Viggo for gode øvingar og ein flott hentekonsert i dag. Det vart eit stort korps, og mykje trøkk i desse unge musikantane! 🎯
Og takk til Fana Sparebank for støtte til dette kjekke arrangementet!