09/09/2026
Har du lyst på ein annleis og spennande utfordring i 2027?
Har du agronomutdanning, pedagogisk utdanning eller relevant arbeidserfaring og/eller interesse for jordbruk, formidling og/eller klima? Vil du lære om andre kulturar, og er motivert til å bu ein periode i utlandet? Då bør du lese vidare!
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland har støtte frå NOREC (Norwegian Agency for Exchange Cooperation, tidlegare Norsk Fredskorps) til å koordinere eit spennande utvekslingsprosjekt i samarbeid med Stiftelsen Nyenga i Uganda. Det er søkt om forlengelse av dette, og underforutsetning av finansiering søker vi etter to prosjektdeltarkarar. Prosjektet fokuserer på å tilpasse matproduksjon til klimaendringar, utvikle skolehager og organisering av opplæringsprogram for bønder og studentar, inkludert felttrening og demonstrasjonar av prosjektresultat. Søknadsfrist 23.9.2026
Her finn du meir informasjon og søknadsskjema;:
https://240010.webcruiter.no/Main2/nn/Account/UrlLink?id=f58d0849-33db-4d03-be0a-05b2f58a8983