19/04/2026
På tysdag arrangerte me dugnad i Nymark velforeining på grendahuset, og for eit oppmøte det blei! 🤗
23. Bergen speidargruppe stilte opp og gjorde ein fantastisk innsats med bossplukking på området. Ute gjekk det unna med saging av tre, frisering av busker, raking og spyling av uteplass og bord. Me var òg så heldige å få låna ein kvistkuttar med operatør, og det blei fylt over 40 sekkar med avfall!
Inne stod ein effektiv gjeng for vindaugsvask, reingjering av sofatrekk i andre etasje, og grundig vask og organisering av heile kjøkkenet. Kjellar og hus blei rydda for rusk og rask.
Det blei heile 5 bilturar til avfallsstasjonen!
Heile Nymark velforeining vil rette ein stor takk til alle som møtte opp. Innsatsen dykkar er uvurderleg! Det er takka vere dugnadsånda i velforeininga at me kan tilby eit levande grendahus med kjekke aktivitetar ❤️