31/08/2026
«Dypere røtter» er mykje meir enn eit kurs. Det er ei hjartereise du får gjere saman med Gud.
Gjennom denne reisa har eg fått ei djupare erfaring av breidda, høgda, lengda og djupna av kjærleiken som er i Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.
Kurset har også gitt meg innsikt i korleis dette livet, med alt det fører med seg av godt og vondt, har
prega min relasjon til Gud. Stoler eg eigentleg på Han? Er eg trygg på at Han alltid er der? Kva vil det seie at han er Far og eg ei dotter?
Å lære å vere ein mottakar av kjærleiken «som elska oss medan vi endå var synderar», trur eg er ei livslong reise, men gjennom dette kurset har fundamentet i trua blitt endå stødigare. Når eg veit at kjærleiken frå Gud er gitt av nåde, utan
prestasjon, då er det også ei glede å tene, følge og la meg forme av Han som er vegen, sanninga og livet.
For meg har dette kurset gitt meg auka tillit, glede og kvile, slik som eit barn som ikkje har
oversikt og kontroll på alt, likevel tørr å leve. At evangeliet fører oss frå død til liv, har blitt tydelegare for meg. Jesus, som er kjelda vi får leve frå, går aldri tom. I Han vert vi som eit tre planta ved rennande vatn, med djupe røtter. Her får vi lov å elske Gud tilbake, Han som elska oss først.
Med dette fundamentet får vi kraft og vilje til å også elske vår neste, søke forsoning, få hjelp med tilgjeving og gi av den nåden vi sjølv har fått ta imot.
Dette er ikkje enkle prosessar, men med Gud på laget får vi styrke og nåde til å velge det gode. Det er godt å sleppe å leve i eigen styrke, men å få lene seg på Far som er stødig som eit fjell.
For dei som ynskjer at trua på Gud skal gå frå kunnskap i hovudet til ei djupare erfaring i hjarte, vil eg sterkt anbefale kurset. Dette er ei reise der det som er blitt kjøleg og kanskje litt hardt i hjarta våre, gradvis får lov å tine og motta legedom.
Takk til Elin som har fulgt meg opp, lese mine refleksjonar, støtta, gitt råd og oppmuntra. Ho har gått tett på gjennom heile prosessen og vore ei enorm større. Det liv ho sjølv lever med Gud, flyter over til oss andre.
Takk Gud for dette kurset! Johanne