29/10/2026
Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling holdt eit seminar i Knarvik 27/10 om kulturarv i Nordhordland . Det var gjennomført 9 utvalde og konsentrerte « førelesingar» om viktige kvalitetar i regionen knytt til fysiske kulturminne.
Det som pregar kommunane er eit kulturlandskap i eit oppdelt og småskåret landskap. Bruka er små, teigdelte og signifikant mindre enn i andre regionar langs vestlandskysten.
Her rår mangesysleriet og fiskarbonden grunnen.
Vi er også i det området i landet vårt som er mest prega av steinmurar, steinløer, bakkemurar, potetkjellarar, steingardar, steinhus osv. Eva Røyrane har skildra denne spesielle arkitekturen i ei eiga bok :» Av stein». Eva er vel den i Norge som skrive mest om ulike bygningstypar i det norske kulturlandskapet.
Det var ei imponerande rekkje av fagleg tunge foredrag om fysiske kulturminner som er karakteristiske for kommunane i Nordhordland. Ofte er det slik at folk vert tunblinde i det landskapet ein held seg : Folk som kjem utanfrå med friske blikk kan bidra til ein aldri så liten vekkelse. I allefall : Det var stolte strilar i salen etterkvart som seminaret heldt fram.
Det heile endte også opp med at det vart skipa eit interimstyre som skal førebu grunnlaget for etablering av eit lokallag av Fortidsminneforeningen i Hordaland. Vi ynskjer dei lykke til med jobben!