05/12/2025
Dramatisk for Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter
Tilsette fekk i går varsel om permittering, med det resultat at Moster Amfi er vedtatt stengt frå 17. des. 2025.
Nei, det er ikkje ei kjekk julegåve me i Moster Amfi har fått, om stoda har vore varsla i lang, lang tid. Likevel, det er mange kjensler, frå tårer, sinne og avmakt til kampvilje og håp.
«Kva er grunnen?». «De er jo så flinke!». «Det skjer jo alltid noko i Moster Amfi?», er nokre av «spørsmåla» som kjem vår veg.
Moster Amfi er eigd 50% av Bømlo kommune og 50% av Vestland fylkeskommune. Eit slikt eigarskap betyr at eigarane bidrar med grunnfinansiering. Dette, saman med inntekter Moster Amfi klarar å oppnå gjennom eigeninntening, er beløpet Moster Amfi er drifta på.
Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter sitt mandat er å formidle nasjonalhistoria. Me sel ikkje timar som i eit reklamebyrå eller maskin-produkt som i verkstadindustrien.
Me formidlar Norge si viktige historie. Me tek barn og unge, vaksne og eldre 1000 år tilbake i tid for å lære dei om brytninga mellom heidendom og kristendom, kyrkjehistoria og om demokrati og verdiar.
Me er eit fyrtårn for reiselivet, ein kulturinstitusjon og me har driftsansvar for ei av Norge sine eldste kyrkjer; Moster gamle Kyrkje.
Moster Amfi klarar med dette som bakteppe å oppnå ca. 50% av grunnfinansiering, ved eigeninntening gjennom heilårleg drift. Samanlikna med andre kulturinstitusjonar er dette eit særs høgt tal, der «normalen» ligg på ca. 20% - ca. 30%.
– Ein har hatt ei eigeninntening som er langt høgare enn liknande kulturinstitusjonar. Den vesle, dedikerte staben har bygd merkevara, utvikla nye konsept og har verkeleg stått på, seier styreleiaren i Moster Amfi, Arild Steinsland.
I 2024 feira Norge 1000-års jubileet for kristenretten. Det vart krevd kostbare oppgraderingar som skulle gjera at Moster Amfi skulle «skina».
«I løpet av dei siste åra har ein gjennomført oppgraderingar og utbyggingar av amfiet, mellom anna på grunn av Riksjubileumet i 2024». – Anlegget, slik det var, var ikkje tilfredstillande for tilsette eller brukarar av anlegget, seier styreleiar Arild Steinsland.
Denne utbygginga vart finansiert av eigarane, Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune, samt midlar frå Sparebanken Norge og Moster 2024. I tillegg måtte Moster Amfi sjølv ta opp lån.
Dette er altså faktorane som gjer at Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter sine tilsette blir ramma med permittering.
01. Manglande grunnfinansiering
02. Lån
03. Auka kostnader
Kva er vårt juleynskje?
Me ynskjer at Moster Amfi sine dører skal vera opne for gjester. At planar og årshjul for 2026 kan gjennomførast. At me fortsatt kan gjera jobben vår.
Økonomisk treng Moster Amfi hjelp. Eigarane er varsla, statsbudsjettet har me søkt. Er det eksterne som ynskjer hjelpa, er me sjølvsagt svært takksame.
Alt i alt er dette ei varsla «katastrofe» og det er vertskapet, den dedikerte staben, som de møter i fest og kvardag som blir ramma. Utan vertskap er det ikkje lys i vindauga eller opplevingar i amfieet.
Det er konsekvensen alle våre flotte gjester vil merka.
I utstillinga «Frå makt til rett - kven har makt?» finn du denne krittavla som bilete viser. Teksten over tavla seier dette:
Meininga di betyr INGENTING, om du ikkje ytrar deg!
Me håpar og treng at folk ytrar seg, denne gongen for Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter si framtid.