Framtidshavet

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Framtidshavet Stiftinga Framtidshavet jobbar for eit reint hav! Les meir om vårt arbeid og korleis du kan bidra på www.framtidshavet.no

Me arrangerer årlege ryddeaksjonar i Sogn- og Hardangerfjorden, samt andre prosjekt som set fokus på plastproblemet. Nettsiden www.framtidshavet.no er under konstruksjon

02/10/2026

Ein av årets signalaksjonar under årets Rein Hardangerfjord føregjekk på Sild i Kvinnherad, der ei stor havarert flytebrygge hadde lagt og blødd isopor utover heile området i mange år. No er bryggerestane fjerna, og me har gravd vekk så mykje isopor som 160 personar klarar på ein dag. Det er slett ikkje verst! Me trur fjorden set pris på dette🩵 Takk for innsatsen, alle saman!

🎥

25/09/2026
25/09/2026

Takk til alle som ryddar🩵 Me gjer det for fjorden, og me gjer det for framtida🌍



🎥

Framtidshavkonferansen 2026🩵Dagen før ryddeaksjon samla me eit knippe fantastiske menneske som brenn for miljø og plasts...
21/09/2026

Framtidshavkonferansen 2026🩵

Dagen før ryddeaksjon samla me eit knippe fantastiske menneske som brenn for miljø og plastsaka, alle med ulike perspektiv og utgangspunkt. Dette var inspirerande, og me blir så motiverte av å sjå kor mange dyktige folk me deler engasjementet med. Mange av desse er også våre samarbeidspartnarar på Rein Fjord-prosjekta, heldigvis for oss!

Takk for ein inspirerande og usedvanleg hyggeleg dag!

Konferansier:
Nadia Jdaini

📸 André Marton Pedersen

20/09/2026

Rein Hardangerfjord for femte året på rad - og engasjementet for fjorden vår har aldri vore større. Tusen takk til all som har vore med og rydda og bidrege! 🩵

Foto: Andre Marton Pedersen og Peter Tubaas

Ein kjenner på mange motstridande kjensler på sånne dagar som i går. Det er hjarteskjerande å sjå korleis det står til l...
18/09/2026

Ein kjenner på mange motstridande kjensler på sånne dagar som i går. Det er hjarteskjerande å sjå korleis det står til langs strendene våre. Det er sjokkerande at me har godtatt denne haldninga til naturen så lenge, den som har ført til så mykje forsøpling og forgifting av fjorden. Det er overveldande å sjå, og kjenne på, kor stort problemet er. Samtidig er det enormt inspirerande å stå saman om å ta tak i det. Det er motiverande å vite at tusenvis av menneske bryr seg nok til å sette seg på kne i fjæresteinen for å grave vekk boss i timesvis. Det er godt å sjå alt me får bort. Me er evig takksame for å gjere dette saman med alle dykk. Tusen takk💚

Rein Hardangerfjord 5. Det blir ikkje vår siste ryddeaksjon, men dette var siste etappe i både Sognefjord-prosjektet og Hardangerfjord-prosjektet i denne omgang. Me gler oss, og er meir motiverte enn nokon gong til å ta fatt på nye prosjekt, jobbe med haldningsendring og stå på vidare for havet og naturen. Me gjer oss aldri!🌍

1-7 Eidfjord - André Marton Pedersen
8-15 Sild i Kvinnherad -

I morgon skjer det, me ryddar Hardangerfjorden for femte gong! Blir du med?💪
16/09/2026

I morgon skjer det, me ryddar Hardangerfjorden for femte gong! Blir du med?💪

På Framtidshavkonferansen i morgon får du høyre vakre tonar frå viseartist Bergljot og tenor Erlend Tvinnerheim mellom f...
15/09/2026

På Framtidshavkonferansen i morgon får du høyre vakre tonar frå viseartist Bergljot og tenor Erlend Tvinnerheim mellom føredraga. Berre å gle seg!💚🎶

Meir info om konferansen og påmelding finn du på
www.framtidshavet.no/framtidshavkonferansen

Gler oss til å sjå dykk der!

Nye offentlege aksjonar! Blir du med å rydde Hardangerfjorden på torsdag?💪Obs! Vil du vere med på offentleg aksjon i Sun...
15/09/2026

Nye offentlege aksjonar! Blir du med å rydde Hardangerfjorden på torsdag?💪

Obs! Vil du vere med på offentleg aksjon i Sunde må du hugse å melde deg på - send melding til ryddeleiar Mari innan i morgon!

Vel møtt💚

14/09/2026

Rein Sognefjord 2026, for eit eventyr! Takk til alle som var med💚

Adresse

Øvre Fyllingsvegen 59
Bergen
5161LAKSEVÅG

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Framtidshavet legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Framtidshavet:

Snarveier

Del