Målselv Mållag

Målselv Mållag Målselv Mållag er eit lokallag under Noregs Mållag. I vårt arbeid legg me vekt på nynorsk som eit naturleg skriftspråk for oss som bur i Målselv.

Me ynskjer å ta vare på og utvikla mangfaldet både i våre lokale dialektar og i skrift. Målselv Mållag er eit lokallag underlagt Noregs Mållag. Laget har jobba med nynorsken, dialekta og lokalkulturen i Målselv sidan 1947. Vi feirer i år 70 år, og feirer med auka aktivitet og eiget jubileumsarrangement. Vi står bak den faste spalta "Målkråa" som er i Nye Troms kvar tysdag. Ta gjerne kontakt med oss her.

Nytt tips til “Aksjon hjelp ein Bardufoss-russ før nynorskeksamen”Litt språkbading, språkvask, hjernevask:
09/05/2026

Nytt tips til “Aksjon hjelp ein Bardufoss-russ før nynorskeksamen”
Litt språkbading, språkvask, hjernevask:

This is "Helsing frå Linda Eide" by Nynorsksenteret on Vimeo, the home for high quality videos and the people who love them.

Lukka til med sidemålseksamen til Bardufossrussen på mandag!!!Her kjem nokon bra tips frå ein garva russ:• Teksta på nyn...
08/05/2026

Lukka til med sidemålseksamen til Bardufossrussen på mandag!!!
Her kjem nokon bra tips frå ein garva russ:
• Teksta på nynorsk heile helga
• Kjenn på kjærleiken!❤️
• Les all nynorsk du kjem over
• Lytt etter det nynorske i di eiga dialekt
• Om det ikkje funkar - ring ein vestlending😂

Bardufoss videregående skole markerer nynorskveka med godbitar frå nynorsk litteratur, Ivar Aasen-sitat og skråblikk på ...
06/05/2026

Bardufoss videregående skole markerer nynorskveka med godbitar frå nynorsk litteratur, Ivar Aasen-sitat og skråblikk på ord og uttrykk. ❤️ Applaus til skulebiblotekaren Katrine Hind Seljenes og medhjelparar!👏👏👏

Viktig!
30/04/2026

Viktig!

– I 2014 fekk vi Grunnlova 𝙥𝙖̊ nynorsk, og no er tida komen for å få nynorsken 𝙞𝙣𝙣 𝙞 Grunnlova, sa Peder Lofnes Hauge i leiartalen sin til landsmøtet førre helg.

Landsmøtet stilte seg samrøystes bak framlegget om å gje norsk språk grunnlovsvern. Framlegget til ny § 120 lyder slik: Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.

Tidlegare partisekretær og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, sjølvaste Martin Kolberg, støtta også fullt ut framlegget i talen til landsmøtet:

– Mykje av mitt engasjement for språk i Grunnlova er grunngjeve i eit klasseperspektiv. Det som i dag kallast språkstrid var i lang tid også klassekamp, sa Martin Kolberg.

Framlegget vert handsama i Stortinget i denne perioden.

📸 Foto: Kristianne Marøy

27/04/2026

Flott at også målmannen og kjærleiken til nynorsken vert med i Kalottspel si feiring av Johan Nymo!🎶🎻❤️🎈

Viktig avstemming for språkleg likeverd kjem snart til Stortinget. Lytt!
26/04/2026

Viktig avstemming for språkleg likeverd kjem snart til Stortinget. Lytt!

Tidlegare partisekretær og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, Martin Kolberg, heldt innleiing om grunnlovfesting av nynorsk på landsmøtet til Mållaget i dag.

-At samfunnet fullt ut anerkjenner det språket som folket ber på, er demokrati. Det er føresetnaden for eit demokrati, sa han frå talarstolen.

No må Stortinget høyre på oss!

📸 Foto: Kristianne Marøy

Gratulera til Sigrid Agnethe! 🌺 Inspirerande å ta med seg inn i Mållaget sitt landsmøte til helga😃 og til målarbeidet i ...
23/04/2026

Gratulera til Sigrid Agnethe! 🌺 Inspirerande å ta med seg inn i Mållaget sitt landsmøte til helga😃 og til målarbeidet i nord.
Takk for mykje godt stoff i nynorsk språkdrakt!

Sigrid Agnethe Hansen blir tildelt nynorskprisen for journalistar. Tårene rant på morgonmøtet.

Deler ein gratisartikkel frå Dag og tid si faste spalte: Ord om språk. Fin ordleik i desse vårtider om togtider😃
19/04/2026

Deler ein gratisartikkel frå Dag og tid si faste spalte: Ord om språk. Fin ordleik i desse vårtider om togtider😃

Luciatog ser me ikkje på ei stund. Det same kan me seia om 8. mars-tog. Men snart kjem 1. mai-toga og ikkje minst 17. mai-toga. Togtradisjonane er ikkje på tilbaketog, skriv Kristin Fridtun i språkspalta denne veka.

Heile spalta kan du lese her 👇

Om me gjer eit streiftog gjennom ordhistoria, oppdagar me at det er vanskeleg å seia presist når tog gjorde sitt inntog. Saka er at tog i grunnen er same ordet som tau (‘reip’). I norrønt hadde ordet forma tog, slik det framleis har i færøysk og islandsk. Aasen valde òg skrivemåten tog i landsmål, men han nemner i Norsk Ordbog at nokre seier tøg eller tau.

Ordet er avleitt av eit germansk verb som tydde ‘draga; leia, føra; fostra opp’. Det kan henda at tog (og tau) fyrst vart nytta i tydinga ‘det å draga’, som seinare vart ‘utstyr til å draga med’. Andre ord i denne ætta er toga (‘slita i, dragsa på’), tygel og tygla (bm. tøyle), tøya (eig. tøygja), tøy (norr. tygi ‘reiskap, utrusting’) og hertug (eig. ‘hærførar’).

Taum høyrer òg til her («halda i taumane»). Det er same ordet som engelsk team. I gamalengelsk vart ordet nytta om dragdyr: ‘(okse)spann, forspann’. Men det kunne òg tyda ‘etterkomar, ætt; flokk’. Me hugsar at det verbet som ligg til grunn, ikkje berre tydde ‘draga’, men òg ‘leia, føra; fostra opp’. Desse tydingane har sett preg på team (‘lag, arbeidslag’). Kan henda spelar det òg inn at å gå i spann er å arbeida i lag?

Taum, tog, tøya og resten av teamet kjem av ei indoeuropeisk rot som òg har gjeve oss latin ducere (‘draga; føra; byggja; forma’). Dei samansette verba educere og educare vart mellom anna nytta om å fostra opp og oppdraga (jf. eng. educate, education). Det latinske kledenamnet toga høyrer derimot ikkje til her (men til tegere ‘dekkja’).

Det tog-ordet me møter i ord som fakkeltog, krosstog og opptog, kjem av lågtysk toch (genitivform toges), som er den lågtyske forma av tau. Tydinga ‘det å draga’ vart her til ‘ferd’.

Tog i tydinga ‘jarnbanevogner dregne av eit lokomotiv’ er yngre. Her har ein henta tydinga frå tysk Zug (som òg høyrer til ætta) og soleis utvida bruksområdet til tog. Me seier stundom at «det går fleire tog». Andre gonger slår me fast at «det toget er gått». I ordboka står dømesetninga «eg kan stilla klokka etter toget», men som togpendlarar og andre togpassasjerar veit: Ikkje alle togreiser går på skjener.

👉 https://www.dagogtid.no/kunnskap/toffare-enn-toget/671526?utm_term=Autofeed&utm_medium=Social&utm_source=Facebook&t_imagelink=Facebook =1776574176

Lukka til!
16/04/2026

Lukka til!

I juni byrjar Synnøve Marie Sætre som politisk rådgjevar i Noregs Mållag. Ho kjem frå stillinga som senterleiar hjå Nynorsksenteret.

– Eg har jobba med språkpolitikk i heile mitt vaksne liv og tykkjer det skal bli spennande å fortsetje med det påein ny måte, seier ho.

Me er veldig glade for å få Synnøve Marie på laget!🤩

📸Foto: Kristianne Marøy

Det nyvalde styret i Målselv Mållag har hatt sitt første styremøte etter årsmøtet. Her var også varamedlemma med:Frå ven...
16/04/2026

Det nyvalde styret i Målselv Mållag har hatt sitt første styremøte etter årsmøtet.
Her var også varamedlemma med:
Frå venstre: Trude Hagen, vara, Jorun Bøygard Tangen, styremedlem, Astrid Fjose, leiar, Vidkun Haugli, vara og Siv Holmin, kasserar.
Mange saker i prosess. Me ser fram til eit aktivt år!😃

Adresse

Bardufoss
9325

Telefon

+4790186018

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Målselv Mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del