Fjordane skyttarlag

Fjordane skyttarlag Fjordane skyttarlag vart stifta i 2010, og held til i Vetlefjorden og Sværefjorden i Balestrand, So

Minner om at fristen for bestilling av lagsklede går ut i kveld, 7.juni🤸
07/06/2026

Minner om at fristen for bestilling av lagsklede går ut i kveld, 7.juni🤸

Høve til kjøp av lagsklede🤩NB!! Kort bestillingsfrist: 7.juni.
03/06/2026

Høve til kjøp av lagsklede🤩NB!! Kort bestillingsfrist: 7.juni.

Det er no høve til å bestille lagsklede med logoen vår på. I fyrste omgang hettegensar og t- skjorte med logo og eige namn, og caps med logo. Bestillingsfristen er kort. Dette for at me skal få det f

Esebotn Open 2026🎯
27/05/2026

Esebotn Open 2026🎯

Esebotn Open gjekk av stabelen 2.pinsedag. Mange skyttarar tok turen innom Esebotn denne regntunge maidagen. Til saman100 skyttarar deltok på stemnet vårt

Sjå artikkel frå jaktfeltstemna i naturskjønne Dalsdalen.
17/05/2026

Sjå artikkel frå jaktfeltstemna i naturskjønne Dalsdalen.

Godt oppmøte dagen før dagen.

Velkommen til Esebotn Open 2026
11/05/2026

Velkommen til Esebotn Open 2026

Måndag 25.mai (2.pinsedag) er det klart for Esebotn Open. Det er eit ope banestemne med påmelding på dfs.no. Me riggar kafè i skyttarhuset og garanterer god stemning! Velkommen.Skyttarane våre har h

🎯 Samlagsstemna Felt 🎯Etter ein lang dag på Dalsøyra kom gjengen heim med mange flotte resultat!  Dei fire rekruttane im...
19/04/2026

🎯 Samlagsstemna Felt 🎯

Etter ein lang dag på Dalsøyra kom gjengen heim med mange flotte resultat!

Dei fire rekruttane imponerte med god skyting. Tuva starta med fem treff på fyrste haldet og enda på 6. plass i rekruttklassen i sitt fyrste meisterskap. Kristine vart nr 4 med 36/3 etter finalen. Både Nils Olav og Joar skaut fullt hus i finalen. Med dette kom Nils Olav på 5. plass med 36/2 og Joar fekk ein flott sølvmedalje med 42/2, berre to innertreff bak gullet.

I eldre rekrutt låg Sindre og Ingeborg på skive 1 og 2 i finalen, begge med 30 treff innleiande. Ingeborg tok gullet med minste mogleg margin med 12/8 mot Sindre sine 12/7 i finalen.

I junior fekk Toralf ein flott sølvmedalje etter 36/6 totalt.

Leander konkurrerte for fyrste gong saman med dei vaksne skyttarane, og hevda seg godt. Best nøgd var han med å slå vinnaren av KL 2 med eit treff, 27/1. Det gav gull i Eldre Junior og 6.plass i meisterskapen totalt.

Olav vann KL 2 med 26/1 etter finalen og 7. plass totalt.

Kamilla og Arnstein kjempa om sigeren i KL 1. Her trekte Arnstein det lengste strået med 29 treff totalt, med Kamilla 3 treff bak.

I V75 fekk Per 28/14 innleiande, og hamna dessverre utanfor finalegrensa.

Nasjonal felthelg i Aurland
13/04/2026

Nasjonal felthelg i Aurland

Denne helga vart det arrangert Nasjonal felthelg i Aurland. Det var lagt opp til å skyte to stemner i samme løypa. 7 skyttarar frå Fjordane tok turen inn: Nils Olav, Joar, Ingeborg, Sindre, Leander

Avreise til Nasjonal FelthelgLaurdag føremiddag reiste ein liten gjeng med Fjordingar innover til Aurland, for å delta p...
11/04/2026

Avreise til Nasjonal Felthelg

Laurdag føremiddag reiste ein liten gjeng med Fjordingar innover til Aurland, for å delta på Nasjonal Felthelg.

Fyrst ut var grovfeltskyttarane Olav, Anita og Leander. Dei startar skytinga kl 1245. Litt seinare pakka Anders bilen full, og hadde med seg finfeltskyttarane Ingeborg, Sindre, Nils Olav og Joar. Sindre er førstemann ut, med skytetid 1443. Deretter kjem dei andre med 7min mellomrom.

Lukke til alle saman! Det vert spennande å fylgja Dykk 👍😊

Ein fylgja livevisninga på denne lenkja: https://live.megalink.no/ #!/aurland-skl

Resultata finn ein her: https://res.megalink.no/event/aurland-skl/StartFrame.htm

Me gjer klart til Fjordatreffen, lagsstemna i felt!Arrangørane er i rute og soli er på veg 🌞 Påmeldinga startar kl 1200....
02/04/2026

Me gjer klart til Fjordatreffen, lagsstemna i felt!

Arrangørane er i rute og soli er på veg 🌞 Påmeldinga startar kl 1200. Sal av ammunisjon.

Det vert kiosksal med pølse, hamburgar og vaffel. Kle Dykk godt, då det kan vera litt kjøligt.

Hjarteleg velkommen til Øygarden til skyttarar og publikum i alle aldrar!

Påskeavslutning med ungdomsgruppa 🐥Fredag kveld arrangerte skyttarlaget påskeavslutning i Grendahuset. Me hadde ei uhøgt...
28/03/2026

Påskeavslutning med ungdomsgruppa 🐥

Fredag kveld arrangerte skyttarlaget påskeavslutning i Grendahuset. Me hadde ei uhøgtidleg lagskyting, der det også var med eit lag med foreldre. Stor stas for ungane å konkurrere mot desse 😁 Skyttarlaget spanderte grillmat og drikke til alle som møtte opp.

Når alle var mette og gode vart det felles anvisning. Ingen visste korleis dette hadde gått. Me hadde tennisskyting, der skyttarane fekk tildelt poeng etter kven på laget som hadde beste skotet kvar gong 🎯 Dette gjer konkurransen meir uforutsigbar og spennande 😊

Sjølvsagt måtte påskeharen ut med litt påskeegg og godteri som premiering etterpå. Alt i alt ei triveleg stund 😄

Dette markerte også avslutninga på innandørssesongen. Skjærtorsdag startar me opp utendørssesongen, med lagsstemna i felt 👍

Velkommen til meir påskemorro på Eiki og Øygarden 🐥😊

Adresse

Torsnes 4
Balestrand
6899

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjordane skyttarlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Fjordane skyttarlag:

Del