19/04/2026
Vi gratulerer Kjell Bitustøyl med Rikard Berges pris for lokalhistorie i Telemark 2026🏆🤩🏆 Han har gjennom bøker, artiklar, foredrag og innsamling gjort eit imponerande arbeid for å formidle viktige sider av Telemarks rike historie og kulturliv. Ikkje ulikt Rikard Berge sjølv, har Bitustøyl arbeidd med å dokumentere folkemusikktradisjonar i fylket. Han har også arbeidd med ein rekkje andre tema som samisk historie i Telemark, kraftlagshistorie og gardshistorie frå Vest-Telemark.
Prisen blei dela ut på seminaret til Telemark historielag på Notodden laurdag.