26/03/2026
💚Tysdag 24. mars gjennomførte Nærøyfjorden Verdsarvpark sitt årlege årsmøte, Parkmøte. I år vart møtet halde i Jordalen grendehus, der rundt 45 deltakarar tok turen opp den spennande vegen.💚
🍀Møtet starta med ein god lunsj med lokale ostar, eplemost frå Sogn Jord- og Hagebruksskule og nybakte rundstykke frå Marianne Bakeri & Kafe.
🌳Nestleiar i styret, Bjørn Vike, opna parkmøtet og fortalde om positive haldningar til verdsarvparken og god medvind i arbeidet.
☀️Dagleg leiar Gry oppsummerte fjoråret og delte innsikt i spennande prosjekt, samt korleis ho har arbeidd for vidare drift av parken i ei tid prega av økonomisk uro.
🏔️Vidare presenterte dei tilsette i parken, Gro, Bengt Erlend og Maiken, prosjekta sine, og gav eit innblikk i kva året skal fyllast med – både stort og smått. Verdsarvutstilling, Fjord Ranger, miljøpatrulje, skilting, geologidagar og FJORD//FORSK er nokre av prosjekta som er i planlegging.
🪴Det vart òg gjennomført obligatorisk styreval.
Til lunsj vart det servert suppe med focaccia frå Mariannes.
🌤️Hildegunn Opdal, prosjektleiar i Nordhordland Biosfæreområde, forklarte kva eit biosfæreområde er. Ho presenterte òg forprosjektet til UNESCO-ruta Vestland.
🦌Gunnar Bergo, forskar og miljøvernsjef, viste ein film med vakre opptak frå alle årstidene i Voss herad sin del av verdsarvlandskapet. Han presenterte også bilete og delte eigne observasjonar av endringar i dyreliv og artsmangfald.
🍀Guri Bugge frå organisasjonen KVANN - Norwegian Seed Savers og rektor ved SJH, Børre Solberg, fortalde om arbeidet med å kartleggje historia til nytteveksten kvann. Dei løfta fram at Vossa-kvann er den einaste arten i Noreg som ikkje er importert, og stilte spørsmålet om denne igjen kan nyttast i utvikling av nye og spennande produkt.
🌻Parkmøte vart avslutta med presentasjon av forslag til ny partnarordning, etterfølgt av workshop og diskusjon.
💚Tusen takk til alle som deltok og bidrog med livlege diskusjonar, gode prosjektforslag og stort engasjement for verdsarvparken.💚
💛Ein ekstra stor takk til Jordalen Grendalag for framifrå gjennomføring og god hjelp med arrangementet.💛