Askvoll Røde Kors

Askvoll Røde Kors Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Askvoll Røde Kors, Frivillig organisasjon, Kongshaugen 10, Askvoll.

Dei tek aldri ferie! Dei gjer ein forskjell! Dei, sjølvsagt Askvoll Røde Kors Omsorg!Underhaldning med  Øyren og Jarl Au...
23/07/2026

Dei tek aldri ferie! Dei gjer ein forskjell! Dei, sjølvsagt Askvoll Røde Kors Omsorg!
Underhaldning med Øyren og Jarl Audun Rivedal + Solmund og Geir Helle, overrasking med kroneis frå rødekorsarane og åresal.
Alle tiders ettermiddag på Askvoll omsorgssenter - Askvollheimen !
Takk for godt samarbeid, Iris Aktivitør. No ønsker vi ho god ferie🌞

Rett triveleg å møte så mange kjekke folk på Skjærgårdtreffet i Askvoll i dag!
18/07/2026

Rett triveleg å møte så mange kjekke folk på Skjærgårdtreffet i Askvoll i dag!

Saman får vi til meir!
15/07/2026

Saman får vi til meir!

Tusen takk for alle frivilligtimar Mia og Malin har vore med på i Askvoll Røde Kors sine aktivitetar💐. Lukke til vidare ...
11/07/2026

Tusen takk for alle frivilligtimar Mia og Malin har vore med på i Askvoll Røde Kors sine aktivitetar💐. Lukke til vidare i livet❤

Siste veka som volontørar i Askvoll kommune for Mia og Malin. Vi er veldig glade for dette året med dei! Var triveleg, nyttig, spennande og ikkje minst lærerikt for alle! Begge to skal begynne på universitet og lovte å besøke Askvoll i framtida!

På bilde ser du Fjaler sine volontørar Caro and Karlina, som skal fortsette i to månader til og den dyktige frivilleg-veteranen Daniel, som år etter år stiller opp som frivilleg på Ferie for alle i Flekke.
Vi takkar alle av dykk for flott innsats på UWC og ynskjer god sommar til alle (uansett om det er i Askvoll kommune eller litt utanfor) ☀️🥳🥰

10/07/2026

Kjekt video frå Haugland, Ferie for alle. Fantastisk tilbod💐

09/07/2026

Tusen takk for ein nydeleg musikalsk ettermiddag- de gleda bebuarar, tilsette og oss frivillige frå Askvoll Røde Kors Omsorg💐

Veke 1 over, veke 2 i gang,  på Haugland - og " Ferie for alle" leverer!Sup, kano, tube, tårnspel, pil og bue (mykje mei...
07/07/2026

Veke 1 over, veke 2 i gang, på Haugland - og " Ferie for alle" leverer!
Sup, kano, tube, tårnspel, pil og bue (mykje meir..) - alt går i eit, smilet sit laust.
Innimellom dukkar opp supre måltid!
Og dei frivillige?
Rollemodellar, tryggleik, humør og det sosiale limet som held leiren saman.
Tusen takk for innsatsen - de gjer ein forskjell kvar dag🌞

Tenk så heldig å vere frivillig og glede bebuarar på Askvoll omsorgssenter - Askvollheimen !Det går kun MED*kjøkkenet so...
26/06/2026

Tenk så heldig å vere frivillig og glede bebuarar på Askvoll omsorgssenter - Askvollheimen !
Det går kun MED
*kjøkkenet som lagar til frokost, passar utmerket når ferja går kl. 9.15
* trygg sjåfør frå Firda Billag
*tilsette som ser kvar einskildt (tenkjer spesielt på ho som fekk besøke arbeidsplassen sin)
*utan lokalkjente som fortel om bruer, hus, folk og nyvaska natur
* Jakob og Jarl- Audun sitt trivelege musikalske følgje på trekkspel og gitar
*samarbeid med Bulandet sanitetskvinner, pynta bord, laga fin-fin lunsj og kaker
* skjerpande lotteri med gode gevinster
* spennande fiskesuppe på Værlandet kro
*ein motor, takk aktivitør Iris og tilsette
* ein staut gjeng frivillige frå Askvoll Røde Kors og Askvoll frivilligsentral
For eit kjekt minne - ein heil dag i vakre Værlandet og Bulandet💐

For ein vår på Møteplassen! Storarta statistikk, nydeleg tilbod og kjekke folk – betre blir det ikkje.Vertane våre har d...
23/06/2026

For ein vår på Møteplassen! Storarta statistikk, nydeleg tilbod og kjekke folk – betre blir det ikkje.
Vertane våre har dette halvåret lagt ned over 127 frivillige timar, og vi har hatt over 480 menneske innom for ein prat, eit smil og ein kopp kaffe til den nette sum av 20 kr. Det er rett og slett ein liten møteplassmagnet.
No står sommaren for døra - tre samlingar att før vi tek ferie.
Tusen takk til alle som stikk innom og gjer Møteplassen levande og varm.
Ein ekstra stor honnør til vertane våre – de legg ned timar, hjarte og omsorg for frivilligheita. De er gull.
Og til dei rause og solide samarbeidspartnarane våre: Vlada og Stina på Frivilligsentralen, June på biblioteket, og Kari i Askvoll Pensjonistforbund – de er verkeleg dei beste ein kan ønske seg.
God sommar alle saman – vi gler oss til resten av halvåret i lag! 🌿💛

Heiar på dåke!
14/06/2026

Heiar på dåke!

Adresse

Kongshaugen 10
Askvoll
6980

Telefon

+4790730006

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Askvoll Røde Kors legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Askvoll Røde Kors:

Snarveier

Del