03/07/2026
Medvandrerne besøkte Træet gård !
Tekst: Silje Rusten
Faarlund beskriver friluftsliv som å komma heim.
Med det som mål reiste studentene på Klinisk erfaringskompetanse, Tirna, til Træet gård på Osterøy for å lære om naturen som metode i midten av april.
Klinisk erfaringskompetanse er eit vidaregåande studium for helsefagarbeidere (60 stp), og for denne våren er temaet psykisk helse.
Været var med oss denne dagen, sola varma og det var vindstille.
Træet gård er ei ubetjent DNT hytte på Osterøy.
Gården liggjer særs flott til ved eit vatn og fossefall i Stabbesteinsdalen.
Men det oppleves som å gå tilbake i tid, sidan det ikkje er elektrisitet og vatn.
Det er utedo og vatn må hentes i be**en ved sida av hytta.
Me lever i ein hektisk kvardag og det er kjent at helsepersonell har større sannsynlegheit for å utvikle utbrenthet og depresjon.
Første del av dagen vart brukt til sjølvrefleksjon og bevisstgjering av eigne følelser.
Og tilnærminger til korleis naturen kan hjelpe oss med å oppnå dette.
Ein brukte då naturen som medterapeut ved å bruka 4 måter som Edlev beskriver i boka si «Naturterapi.
Opplev naturen – styrk livet».
Det handler om rasjonell tilnærming til ein stad i naturen, som ein deretter utvikla vidare med ein sansande tilnærming.
For å koble på flest moglege sanser.
Vidare prøvde ein ut berørande tilnærming og avslutta seansen med ein hengivande tilnærming, der ein stilner sine tanker og følelser.
Og berre blir oppslukt av naturen og det ein ser.
Studentane fekk prøve alt i frå å skogsbade, til og isbade for dei som ville det.
Trær vart klemt og mose vart lukta på.
Alle fant sin plass i skogen eller ved vatnet og fekk kjenne på kva sanser dei greidde og koble på, samt refleksjon rundt dette.
Det vart undervegs arbeida med å hente inn og bli bevisst gjort pusten for å aktivere nervesystemet.
For alle var dette ein heilt ny opplevelse og fleire kjente på ubehag og motstand.
Undervegs var det fleire som opplevde større kontakt med følelser og greidde å sette ord på dei.
Om ettermiddagen kom Stein Åge Larsen med bakgrunn i frå Medvandrerne Bergen på besøk.
Han har starta opp utendørsterapigruppe på Osterøy kommune og hadde med seg 3 deltakere der i frå.
Utendørsterapigruppa på Osterøy vart starta i jan 2026 i regi av rus- og psykisketjenester i Osterøy kommune.
Tiltaket er eit lavterskeltilbod for mennesker som har eit bistandsbehov og aldersgruppa er i frå 18 år og oppover.
Dei arrangerer vekentlege turar i Osterøy og du kan finne informasjon om gruppa på internett til Osterøy kommune eller ta kontakt med psykisk helse og rustjenesten.
I tillegg kom Kenneth Enehaug i frå Trygt Hjem og Medvandrerne Bergen.
Stein Åge og Kenneth fortalte korleis friluftsliv hadde vore deira veg ut av psykisk uhelse og rus.
Dei fortalte om korleis ein kan bruke naturen som metode for betre psykisk helse og recovery.
Undervisningen vart avslutta med bålprat.
Stein Åge Larsen var ein av dei første som var med på KORUS Bergen si satsing på utendørsterapi på Mjølfjell.
Dette er eit grunnkurs i utendørsterapi, som gjev ein innføring i teoretisk, forskningsbasert og aktivitetsbasert kunnskap om utendørsterapi.
Ein lærer om gruppeprosesser og brukerinvolvering.
Samt råd og veiledning til korleis du kan etablere utendørsterapi i eigen kommune eller organisasjon.
Du kan lese meir om KORUS.no sitt grunnkurs i utendørsterapi på nettsidene deira.
Studentene og deltakarane i frå utendørsterapigruppaopplevde bålpraten som magisk.
Som Stein Åge sa; «Bålprat handler om ærlighet, leggjer ein til kj, så får ein kjærlighet.
Bålprat er kjærlighet til seg sjølv».
Rundt bålet opplevde både studentane og alle dei andre at dei fekk satt ord på innestengte følelser og tankar.
Mange kom med tilbakemeldingar på at dei fekk eit lite «aha» augeblikk til eigne unnvikelsesmønster i seg sjølv for ikkje å føle eller kjenne på følelser.
Fleire av studentane hadde bakgrunn i frå krig og ein får eit større perspektiv på bålpraten.
Medvandrerne bruker aktivt bålprat i sitt arbeid.
På nettsidene deira kan ein lese om at bålprat er ein strukturert måte å dele våre utfordringer, våre styrker, våre erfaringer og håp.
Mange kan oppleve å sitte ved bålet fungerer som terapi for sjela.
Bålet sine flammer og knitring roer ned nervesystemet og kan virke beroligande.
Ein kan oppleve meditativ effekt av å sitte rundt bålet.
Bålet er samlande, gjev varme og skaper trygghet.
Slik har det vore for mennesker i uminnelige tider og historisk har bålet vore eit samlingspunkt for relasjonsbygging og større overlevelses rate, enn dei som ikkje gjorde det.
Ein student sa at bålpraten kjenner ingen skam, den har ingen filter, bare meg og tankene mine, som ein deler med fremmende.
«Eg fekk tårer for meg sjølv og for andre.
Og kjente ein sterk tilknytning til menneskene eg nettopp hadde blitt kjent med, nokon timar tidlegare.
Bålpraten er fri for dømming og korrigering, den har ingen rådgivande natur».
Han kjente blandende og stormfulle følelser, men kjente samtidig på ein indre ro.
Han opplevde bålpraten som ærlig, emosjonell, tung, til tider sjokkerande og samtidig forløsande.
Som om bålet tok seg tid til å lytte til ein, i ein ellers travel og krevande kvardag.
Han opplevde dagen som særs virkningsfull og opplysande i form av viktigheten av å jobbe med eigne følelser og kjenne dei igjen.
«Vist eg ikkje forstår og bearbeider mine egne følelser og reaksjoner, korleis skal eg då kunne hjelpe andre?».
Han trur at denne dagen vil gjere han meir oppmerksom på korleis pasienter uttrykker følelsene sine verbalt eller non verbalt.
Bålpraten viser medmenneskelighet på tvers av kulturer, språk og bakgrunn.
Og dette vil eg ta med meg til eige liv og arbeidskvardag.
Ein anna student opplevde bålpraten som tøff.
«Vanskelig å dele om eigne tanker og følelser, og korleis eghar det her og nå.
Men var fint å sitte der og kjenne etter kva som skjer med meg og kva er det som påvirker korleis eg har det».
Ho kjente på stor takknemlighet for at ho fekk vera med på turen og bålpraten.
Ho kjente det gjorde godt å komma ut av komfortsonen.
At ho vart rista litt i på ein positiv måte.
Bålprat har forskjellig effekt på mennesker og fellesskapet ein får rundt bålet kan skape ein heilt spesielt stemning.
Bålprat fungerer ikkje som ei tradisjonell diskusjonsgruppe.
Ein oppnår meir åpenhet av å vera ute i naturen og det er lettere å snakka om vanskelige temaer.
Som studentene opplevde, så kan bålet styrka relasjoner og fungere som ein arena for å byggje vennskap og sosial fungering.
Mange opplever mestring av å kunne sette ord på vanskelige tema som opptar tankevirksomheten deira og bli møtt med også andre som tenkjer liknande tanker.
Felleskapet rundt bålet saman med andre bidrar til å betre kunne sortere tankane våras.
Bålet skaper på lengre sikt håp og der liggjer det mykje rom for tilheling.
Friluftspsykolog Johanne Refseth, kjent som Psykolog med sovepose, seier at forskning viser at bål gjer oss roligare og me blir meir «tunet inn» på kvarandre.
Derfor er målet på turane til Medvandrerne alltid bålet og bålpraten.
Etter denne turen kan ein konkludere med at dette har vore ein positiv opplevelse for studentane og dei har fått innblikk i korleis naturen kan brukas som metode for tilheling.
Takk for ein meningsfull dag 🧡
Den Norske Turistforening (DNT)
Bergen og Hordaland Turlag
📸 Silje Rusten