05/07/2025
Landskappleiken, del 1:
Landskappleiken er den lengstlevande festivalen i landet, og i år kom den att til Hardanger og i Eidfjord. Nær tusen unike deltakarar var med og tevla, med mykje publikum, frivillige og alle andre som trengst for å få alt til å gli vart det mykje folk i Eidfjord!
Me var også sterkt engasjert som frivillige, og som deltakarar i tevlingar, konsertar og program.
Opningskonserten «Her har me butt», var ein presentasjon av Hardanger i fortid og notid, naturleg nok med fokus på folkemusikken og dansen. Lajla Renate Buer Storli- frå Kvalvik rett over fjorden- hadde hand om regien og med svært godt resultat.
Her fekk me , Kvemmingen spel-og dansarlag- ei eigen «avdeling» med musikk av Arngunn Timenes Bell og Vidar Berge, supplert med dans. Dansarane (G**o Bell Berge, Hanne Berge, Liv Rogdaberg, Martha Strømme , Eline Lunestad, Gunvor Blytt Kjosås, Per Øyvind Tveiten , Brit Karin Sørland ) fekk syna vår Gangar frå Kvam.
Takk for opplevinga!
Film: Astrid Byrkjeland Lunestad