Øystese Røde Kors

Øystese Røde Kors Hovedområder:
Hjelpekorps, Barnas Røde Kors, RØFF og Besøksteneste

20/02/2026

I dag kom vedtaket Øystese Røde Kors har kjempa for i fleire år! Vi har no fått løyve til å byggje ny beredskapshytte i Hamlagrø. Vedtaket er endeleg etter handsaming hjå Statsforvaltaren i Vestland. Ein stor dag for oss og viktig for beredskapen i Hamlagrø i åra som kjem🤩

BARK-samlinga denne veka gjekk føre seg med vinteraktivitetar på Sjusete. Flinke hjelpekorpsarar viste korleis ein kan l...
20/02/2026

BARK-samlinga denne veka gjekk føre seg med vinteraktivitetar på Sjusete. Flinke hjelpekorpsarar viste korleis ein kan lage le og halde varmen ved hjelp av ein enkel fjellduk. Borna fekk sjølve prøve etterpå, noko som både var lærerikt og kjekt.

Dei fekk òg sjå og lære kva som er lurt å ha med i sekken på fjelltur. Mengder med sjokolade var nok det som gjorde størst inntrykk 🤣

Vi hadde også fokus på forsiktig snørekøyring, der tryggleik stod i sentrum.

Ei veldig kjekk samling med ein positiv og engasjert BARK-gjeng!

Me har hatt to kjekke Bark-samlingar så langt i år! 🙌Fyrst var me på bowling med pizza etterpå, ein kveld fylt med latte...
27/01/2026

Me har hatt to kjekke Bark-samlingar så langt i år! 🙌

Fyrst var me på bowling med pizza etterpå, ein kveld fylt med latter, konkurranse og mykje god stemning 🎳🍕

Andre samling vart litt meir praktisk retta med lommelykttur frå Fitjadalsvegen til Utsikten🌄 Undervegs øvde me på søk etter sakna person og snakking på samband. Mannen vart funnen i god behold 😅👌

Fine dagar med læring, friluft og fellesskap. No gler me oss til neste samling! 🌲💚

23/12/2025

🎄TUSEN TAKK🎄
til alle som har støtta julegåveaksjonen i år❤️ Heile 21 born har i år fått flotte julegåver, som varmar og gleder! Kle, leiker, gåvekort og heimestrikk🎅🏼🎄
Me vil med dette ynskje dykk ei 🎅🏼GOD JUL🎅🏼

🎄Julegåveaksjon 2025🎄Då er juletrea våre komme ut på Straumen i Norheimsund og Tunet i Øystese, i år er dei fylt opp med...
12/12/2025

🎄Julegåveaksjon 2025🎄
Då er juletrea våre komme ut på Straumen i Norheimsund og Tunet i Øystese, i år er dei fylt opp med mange ønsker🎅🏼
Innlevering innan 19/12, i dunkane. Gåvene treng IKKJE pakkast inn før ein leverer, berre fest lappen GODT på pakken/posen med gåva i🎁 Har du spørsmål ta kontakt på tlf: 46452735🎅🏼
Tusen takk til alle som bidreg, det betyr mykje for dei som verkeleg treng det❤️🎄🎅🏼

27/11/2025

JULEGÅVEAKSJONEN 2025🎄🎅🏼

Me i Røde Kors-korpsa i Kvam (Norheimsund, Øystese og Ålvik) gjentar suksessen frå tidlegare år, nemleg julegåveaksjonen!

Me skal også i år samla inn ynskje frå born som lev i familiar med svak økonomi, som kanskje ikkje har moglegheit til å kjøpa gåver til eigne born/barnebarn/tantebarn eller onkelbarn!
Det kan vera alt frå varme vinterklede, sko, opplevingar, leiker eller liknande.

Desse kan søka:
- Familiar som slit økonomisk
-Familiar med bustadsadresse i Kvam herad
-Familiar med born i alderen 0-18 år (besteforeldre, tanter og onklar kan også søke)

Her finn du søknadsskjemaet, der du kan søka om gåve til ditt/dine born. Alle som søker er anonyme, det er kun 2 stk som ser søknadane!
https://forms.office.com/e/bHYxYWSyRf

Søknadsfrist 10. desember 2025!

08/11/2025

Laurdag var det feiring i Øystese då Røde Kors markerte heile 100 år med aktivitet, beredskap og frivillig innsats i bygda.

Kom og bli med på kativitetsdag fyrstkomande laurdag kl.11!😊
26/10/2025

Kom og bli med på kativitetsdag fyrstkomande laurdag kl.11!😊

Er du medlem eller tidlegare medlem? Bli med å feir oss!🤩Pris er 200 for medlemmer og 400 for ikkje medlem.
21/10/2025

Er du medlem eller tidlegare medlem? Bli med å feir oss!🤩
Pris er 200 for medlemmer og 400 for ikkje medlem.

Førre veke hadde me ei kjekk samling der me gjorde klart utstyr til 17.mai toget og samstundes samla inn pant. Pantinga ...
22/05/2025

Førre veke hadde me ei kjekk samling der me gjorde klart utstyr til 17.mai toget og samstundes samla inn pant. Pantinga går til lokale Røde Kors-aktivitetar – takk for innsatsen, alle saman!🤩

Ein nydeleg dag på fjorden med kano!🛶😎BaRk Øystese hadde ein super dag med padling, latter og mykje morro. Me koste oss ...
22/05/2025

Ein nydeleg dag på fjorden med kano!🛶😎
BaRk Øystese hadde ein super dag med padling, latter og mykje morro. Me koste oss glugg i hel – og alle kom trygt i land!😁
Takk til alle som var med og gjorde dagen kjekk🤩

Adresse

Øvre Vik 3
Øystese
5610

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Øystese Røde Kors legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Øystese Røde Kors:

Del