Vik Grendalag

Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

Vik Grendalag Vikaskarven, for dei som er interessert i kva som skjer på Vik. Vikaskarven er lokalavisa for Vik. Den 26.mars 2011 lanserte Vikaskarven si eigen Facebookside.

Grendalaget skal representera folket på Vik og ser det som svært viktig å fremja god og verdifull kultur frå vårt område. Laget tek initiativ, er som bladet Vikaskarven meiningsberande og fungerer som pådrivar når bygda vår treng gode tiltak for å betra livskvaliteten til dei som bur her. Tiltak i nærmiljøet for å få eit godt bumiljø og naustmiljø, ta vare på vår historie og kultur (hus, naust, båtar, språk osb), arrangera fellestiltak som Lucia-tog, Krabbefest, kulturfest o.l. Første utgåve av avisa kom 5.april 2001 og inneheld fire sider trykt i svart-kvit. Vik Grendalag er ansvarleg utgjevar for Vikaskarven som kjem ut fire gonger i året, i mars, juni, september og desember.

16/08/2026

🚗💛 Hugs at vi deler vegen med fleire enn berre bilar

Når sola skin og dagane er fine, blir vegane fylte av syklistar, born på sparkesykkel, turgåarar, joggarar og andre mjuke trafikantar. Då er det ekstra viktig å tilpasse farten etter forholda, også der fartsgrensa kanskje tillèt meir.

Nokre få kilometer i timen mindre kan vere forskjellen på ei trygg oppleving og ei alvorleg ulukke.

✅ Senk farten i bustadområde
✅ Ver ekstra merksam ved gangfelt og kryss
✅ Hald god avstand til syklistar og fotgjengarar
✅ Rekn med at born kan gjere det uventa

Lat oss alle bidra til at alle kjem trygt heim. ❤️

☀️🛶 Sommaren er her snart - og kajakkene ventar! 🛶☀️Sit-on-top kajakkane til Vik Grendalag er tilgjengelig for gratis ut...
08/07/2026

☀️🛶 Sommaren er her snart - og kajakkene ventar! 🛶☀️

Sit-on-top kajakkane til Vik Grendalag er tilgjengelig for gratis utlån til medlemer.

Huskeliste:
✅ Sett padleårane tilbake i stativet etter bruk
✅ Dreg kajakkane godt opp på land slik at floa ikkje tek dei
✅ Fest kajakkane i kjettingen

Husk redningsvest 🛟

07/07/2026

⚽️🇳🇴 Kamp på storskjerm – Noreg vs. England! 🇬🇧⚽️

Vi gjentek suksessen frå sist og viser kampen mellom Noreg og England laurdag på storskjerm i Åttringstøa (naustet til Geir Atle), Vikavågen 24.
Sidan det er meldt fint vêr, set vi opp to prosjektorar – ein inne og ein ute, slik at alle får god plass og best mogleg kampoppleving.

Ta med familie, vener og godt humør, og bli med på ein triveleg fotballkveld!

📍 Åttringstøa (Geir Atle sitt naust), Vikavågen 24
⚽️ Noreg – England
📺 Storskjerm inne og ute

👉 Kommenter om du kjem, og kor mange de blir, slik at Leif Kåre, Geir Atle og Mats får litt oversikt.

Vel møtt!

🇳🇴 Heia Noreg! 🇳🇴

 Det blir flyttet innendørs til Åttringstøa - som er naustet til Geir Atle , adresse Vikavågen 24 😊👍Kommenter om du komm...
02/07/2026



Det blir flyttet innendørs til Åttringstøa - som er naustet til Geir Atle , adresse Vikavågen 24 😊👍

Kommenter om du kommer og antall slik at Leif Kåre og Mats har oversikt.

*****

⚽ Kamp på storskjerm på kaien?

Til bygda! 🇳🇴⚽🇧🇷
Er det interesse for å sjå kampen mellom Noreg og Brasil søndag kveld samla på kaien i partyteltet?
Dersom nok folk ønskjer dette, prøver vi å få til ei felles visning. For at dette skal vere mogleg, treng vi nokre frivillige til rigging og nedrigging av utstyr.

👉 Meld di interesse til Leif Kåre Vik eller Mats Henrik Solheim innan fredag 3. juli.

Blir det nok interesse – og nokre hjelpsame hender – så kan dette bli ein flott fotballkveld i godt lag!
⚽🇳🇴 Heia Noreg!

🌊 Steinar høyrer til – men ikkje i sjøen! 😄 🌊Skiltet prøver å vere tydeleg: Ikkje hiv stein i vatnet!Og ja – det gjeld f...
24/06/2026

🌊 Steinar høyrer til – men ikkje i sjøen! 😄 🌊

Skiltet prøver å vere tydeleg: Ikkje hiv stein i vatnet!
Og ja – det gjeld faktisk sjølv om du treff med perfekt kasteteknikk 💪

Mange av steinane som ligg rundt er ikkje «til overs» – dei er ein del av brygga og infrastrukturen. Når dei forsvinn i sjøen, kan det bli både skeivt, glatt og litt meir «spennande» enn planlagt…

⚓ Steinen har ein jobb – la han få bli verande
💙 Litt omtanke = ein tryggare og finare plass for alle
🙏 Takk for at du let stein vere stein!

Jonsokaftan på Dampekaien på Vik  – tysdag 23. juni kl. 18.00Velkommen til tradisjonell Jonsokaftan på Dampekaien!Grilla...
21/06/2026

Jonsokaftan på Dampekaien på Vik – tysdag 23. juni kl. 18.00

Velkommen til tradisjonell Jonsokaftan på Dampekaien!

Grillane blir tente, så ta med grillmat og bli med på morosame aktivitetar og god stemning.
På programmet:
🔥 Grilling – ta med eiga grillmat, grill blir sett opp
🎯 Styltekonkurranse
🗺️ Skattejakt
⚖️ Tipp vekta & antal snop
🎣 Fiskekonkurranse – ta med fiskestonga! Premier til dei 3 største fiskane og den minste kl. 19.30

Sal av saft, kaffi, hotdog og sveler.

Bålet vert tent ca. kl. 20 (tidspunkt kan bli flyttet pga vær uten varsel)

Hugs redningsvest!

Vi gler oss til ei fin samling på kaien. Ta med vener og familie, og bli med på ein triveleg kveld!

Velkomen til Jonsokaftan på Vik!

🌾☀️ Bilete av hesja på Jensebøden i år! Dette vakre landskapet med den frodige enga og den tradisjonelle hesja visar at ...
21/06/2026

🌾☀️ Bilete av hesja på Jensebøden i år!

Dette vakre landskapet med den frodige enga og den tradisjonelle hesja visar at sommeren kom i år også.

Foto: Anne Kristin Vik og Ottar Vik

🌟 Velkomen til årsmøte i Vik Grendalag! 🌟Søndag 14. juni kl. 19.30 - Vik Bedehusfoto: Dag Hafstad
12/06/2026

🌟 Velkomen til årsmøte i Vik Grendalag! 🌟
Søndag 14. juni kl. 19.30 - Vik Bedehus

foto: Dag Hafstad

Adresse

Vik
Øygarden
5337

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vik Grendalag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Vik Grendalag:

Snarveier

Del