Ørsta Hagelag

Ørsta Hagelag Ørsta hagelag er eit lokallag under Det Norske Hageselskap

Siste hagevandring før ferien var i den flotte hagen til Pat og Sverre Johnsen. Heimen ligg fint til øverst i Skogvegen,...
10/06/2026

Siste hagevandring før ferien var i den flotte hagen til Pat og Sverre Johnsen. Heimen ligg fint til øverst i Skogvegen, med blåbærlyng som kryp naturleg inn i hagen. Pat fortel at dei kvart år haustar mange kilo blåbær. Hagen er komen til litt etter kvart, og det er lagt ned mykje arbeid i terrassering og beplanting i skråningar. Store og flotte buskar og stauder prydar hagen og Sverre tek stiklingar av rhododendron og asalia. Dette ville fleire av dei 20 frammøtte høyre meir om og Sverre fortalde. Vi kosa oss på den store overbygde altanen med hageprat, kaffimat og utlodning av mange fine plantar. Takk til Pat og Sverre som tok i mot oss og god somar til alle 🌸

Vel blåst plantemarknad, der mange sikra seg vakre stauder, sommarblomar, grønsak- og urteplantar 🌱🌸🌾Neste veke er det h...
06/06/2026

Vel blåst plantemarknad, der mange sikra seg vakre stauder, sommarblomar, grønsak- og urteplantar 🌱🌸🌾Neste veke er det hagevandring 👌

27/05/2026
Sola dukka opp og det vart ein kjøleg, men fin hagekveld hjå Arne Lied og Eldbjørg Remmen. Ved innkjørsla var det eit st...
27/05/2026

Sola dukka opp og det vart ein kjøleg, men fin hagekveld hjå Arne Lied og Eldbjørg Remmen. Ved innkjørsla var det eit stort og frodig steinbed med stauder og løkblomar av ulike slag. Dammen, portalar og fleire "hus" og overbygg skapte variasjon og ulike rom i hagen. Dei mange bedda hadde eit rikt utval av blomar, grønsaker og urter. Omlag 30 frammøtte fekk dele hagegleder og kaffi med gode kaker til. Takk til Arne og Eldbjørg som tok imot oss 🌸

Vi var heldige med været og fekk varm velkomst hjå Petra Goksøyr på Runde. Ein nydeleg hage med steinbed og koselege sit...
14/05/2026

Vi var heldige med været og fekk varm velkomst hjå Petra Goksøyr på Runde. Ein nydeleg hage med steinbed og koselege sitteplassar fleire stadar. Løkblomster som tulipan, påskeliljer og primula gjer hagen fargerik allereie tidleg i mai. Petra fortalde at det seinare på året er stauder av alle slag som dominerar og inviterte oss tilbake. 16 personar hadde tatt turen til havgapet og beundra utsikta og den fint oppbygde hagen på 1,8 mål. Loddsal og kaffidrøs med nydelege kaker. Vi var også innom Kvalsund gartneri for omvisning og handel 🌷🌞🌸

Adresse

Ørsta

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ørsta Hagelag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ørsta Hagelag:

Del