Bratt & Blått

Bratt & Blått Musikk heile året på Sunnmøre. Ikkje berre blues på Trandal om sommaren, men ei rekke spanande arrangement på Stødt Bar&Scene i løpet av året. Vi sjåast!

31/05/2026

Tommy Tito
Fredag 3.juli.
Del gjerne.

24/05/2026

Sula Blueslag – Trandal Blues 2026.

Sula Blueslag er eitt av dei markante bluesbanda på Sunnmøre.

Musikarane har spelt under ulike bandnamn opp gjennom åra, men har i hovudsak halde saman i den besetninga publikum
kjenner i dag.

Frontfigur Pål André Måseidvåg (vokal/gitar) leiar bandet med stødig hand og leverer drivande gitarspel kombinert med ei kraftfull og rå bluesrøyst.
Bandet er godt kjent i blues- og rockemiljøet i Ålesund, med sitt elektriske og Texas-bluesinspirerte uttrykk.
Dei er ofte å høyre på Smutthullet Pub, der dei har opparbeidd seg eit trufast publikum.
Musikalsk hentar Sula Blueslag inspirasjon frå blueslegender som Johnny Winter, Albert Collins og Albert King – og denne kvelden lever bluesen vidare på scena gjennom Sula Blueslag.

Sjølv om bandet held til på Sula, kjem tre av bluesbrørne frå Ørsta. Jørn, Bjarte og Steinar kjem frå ein musikarfamilie derifrå. Steinar spelar også orgel i Bokkereidar Blueslag, og sørgjer for ekte Hammond B3-lyd når det svingar som mest – også på Trandal. Tidlegare stilte bandet med full blåserekkje, men ei mindre besetning gir større fridom til å spele spontant og improvisatorisk når energien når nye høgder.
– Ei mindre besetning gir oss meir rom til å vere tett på kvarandre musikalsk og la låtane leve sitt eige liv, fortel trommeslagar Jan Gunnar Bratthaug.

Bandet består av Steinar Høydal (orgel), Bjarte Høydal (gitar/munnspel), Jan Gunnar Brathaug(Trommer), Pål Andrè Måseidvåg (Vokal/Gitar) og Jørn Harald Høydal(Bass).

23/05/2026

"Mørebenken" på Trandalblues 2011.

16/05/2026
Å rangere musikarar er vanskeleg.Når det gjeld kven som er den største artisten som har vore på Trandalblues er det lett...
04/12/2025

Å rangere musikarar er vanskeleg.
Når det gjeld kven som er den største artisten som har vore på Trandalblues er det lett.
Steve Cropper.
Denne legenda som har spelt med "alle". Komponert og produsert låtar til musikkhistoria. Har vart kjend for dei fleste gjennom Booker T. & the M.G.'s og Blues Brothers-filmane.
I 2017 stod han på Trandal med The Original Blues Brothers Band.
Tenk det.
No er han død.
Kvil i fred ❤️
Steve Cropper

Bruk gjerne sponsorane våre.
14/08/2025

Bruk gjerne sponsorane våre.

Shaggy Dogs @ Trandalblues 2025.
03/08/2025

Shaggy Dogs @ Trandalblues 2025.

Adresse

Indre-Trandal
Ørsta
6183

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bratt & Blått legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bratt & Blått:

Del