Folkeakademiet Åseral

Folkeakademiet Åseral Folkeakademiet arbeider for å gje flest mogeleg kunstneriske og kulturelle opplevingar.

24/04/2026

Takk til Norway v/Simen Haughom som torsdagskvelden tok frammøtte på Minne kultursenter med Norge rundt i film og bilete 🇳🇴.

Morten Jentoft har vore utanriksreporter i mange år og torsdagskvelden var han i Åseral. Takk til Jentoft for eit intere...
14/03/2026

Morten Jentoft har vore utanriksreporter i mange år og torsdagskvelden var han i Åseral. Takk til Jentoft for eit interessant foredrag der tema var dagens konflikt i Ukraina og eit historisk bakteppe for det som skjer mellom Ukraina og Russland.

Torsdag 25.september kjem Tante, Torbjørg Haugen til Minne KultursenterKl. 19.00Kaffe og lapper fra kr. 18.30Inngang kr....
09/09/2025

Torsdag 25.september kjem Tante, Torbjørg Haugen til Minne Kultursenter
Kl. 19.00
Kaffe og lapper fra kr. 18.30
Inngang kr. 100,-


Nå serverer Tante (Torbjørg Haugen) historier frå eit langt liv som «drivstoffansvarleg» for toppidrettsfolk. Opptil 230 dagar i året på reisefot i lag med Petter Northug, Terese Johaug, Erling Braut Haaland og skiskyttarlandslaget fører med seg mest like mange gode historier.
Mat er svært viktig for alle, men for idrettsfolk er det heilt avgjerande. Tante har gjennom 30 år vore ein viktig del av utviklinga av toppidrettskulturen. Det vart sett ein ny standard for korleis løparane skulle få i seg nok mat, nok energi. Erfaringa og resultata gjorde at andre fatta interesse for denne sida av toppidretten. Dette fekk Ole Gunnar Solskjær til å ta ein telefon til Tante. Han var nettopp blitt trenar for Molde, og fotballspelarar var ikkje kjent for å vera nøye med kosthaldet. Tante fekk 11 år i Molde. Dei første åra var Ole Gunnar trenar, resten av tida Erling Moe.

«Tante sin tilnærming til ernæring overført til fotballkontekst har betydd mye for den fysiske utviklingen av mine spillere/lag i tiden vi hadde sammen i Molde.» Ole Gunnar Solskjær

«I utviklingen av en gruppe er trivsel viktig. Ernæring er en stor del av det i det daglige virke. Smak, form og farge er essensielt for at spillerne får i seg rett mengde. Her er Tante eksepsjonell. I tillegg er hun trivselfaktor in persona.» Erling Moe

Tante tilbyr nå eit foredrag på ein time der ho ausar opp frå ein djup brønn av historier.

To lokale folkemusikarar stod for ein skikkelig stemningsfull minikonsert på Minne kultursenter i kveld. Emil Orthe, 17 ...
27/02/2025

To lokale folkemusikarar stod for ein skikkelig stemningsfull minikonsert på Minne kultursenter i kveld.
Emil Orthe, 17 år, frå Lundemyr i Åseral har spela munnharpe i 5 år. Interessen starta under Coronaen,då han måtte ha noko å finna på. Han spelar berre på munnharper han smir sjølv. Emil spela då kongeparet vitja Åseral i fjor. Emil kunne fortelja at han vart fyrst inspirert av musikken i Flåklypa.

Endre Stulien Ropstad, 14 år, frå Syrtveit i Evje og Hornnes, er hekta på folkemusikk. Han har spela hardingfele og munnharpe i fire år. Han har gått i lære hos Daniel Sanden Varg og fått undervisning av Vidar Lande. Endre er fast medlem a kulturpatruljen i Setesdal. Han vann juniorklassen for munnharpe under Landskappleiken på Gol i fjor. Endre dansar og gangar, og
går på kvedarkurs hos Kirsten Bråten Berg.

03/02/2025

Det blir årsmøte i Folkeakademiet i Åseral, torsdag 27. februar kl. 18.00
på Minne Kultursenter.
Kl. 19.00 blir det minikonsert med to unge, lokale folkemusikarar, Emil Orthe på munnharpe og Endre Stulien Ropstad på fele og munnharpe.

Kaffe og kake
Gratis inngang.

Velkommen!

I kveld besøkte Eva  Bratholm og Joar Hoel Larsen Minne Kultursenter i Åseral.
02/10/2024

I kveld besøkte Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen Minne Kultursenter i Åseral.

Adresse

Ljoslandsvegen 9
Åseral
4540

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Folkeakademiet Åseral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del