Ås mållag

Ås mållag Me vil samla målfolk i Ås til aktivt arbeid for det nynorske målet!

01/06/2026

Nå på lørdag 6.6. kl 12 skal eg lesa for barn på Ås bibliotek frå 'Grisungen med den rette halen' av Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkilsen. Om at å ha ein rett hale kanskje ikkje er så galt, sjølv om ein kan vera lei seg for å skilja seg ut. Blir det tid kan det bli kapitlet 'Limpistolen' av 'Oskar og eg' av Maria Parr òg.

Siste gong før sommarferien ...

Elles er det nynorskgudsteneste i Ås arbeidskyrkje kl 11 søndag 14.6.

T

06/02/2026

I morgon lørdag 7.2.26 kl 12:00 er det lesestund for barn på Ås bibliotek.
For dei minste : 'Dagen utanfor' om gravferda til Farfar, og etterpå for dei litt større (5-9) om kosebamsen som får spa-behandling frå boka 'Oskar og eg'.
T

06/02/2026

Lesestund for barn kvar første lørdag i månaden kl 12 på Ås bibliotek.
I morgon om gravferda til farfar, og om klassebamse på spa.
T

24/01/2026

Årmøtet
Tid: Tysdag 24. februar 2026 kl 1900.
Stad: Store salong, Kulturhuset i Ås.
NB! Merk at årsmøtet i år ikkje vert i Nibio sitt lokale slik det har vore i mange år.
Program:
1. Sekretær i Mållaget, Tormod Ådnøy, vil fortelja om forsking på geitmjølkskvalitet.
2. Årsmøte .
Sakliste for årsmøtet:
1. Val av ordstyrar, referent og to personar til å skrive under møteboka
2. Godkjenning av møteinnkalling og vedtak om saklista
3. Årsmelding for 2025
4. Rekneskap for 2025
5. Medlemspengar for 2024. Ås mållag sin andel av medlemspengane er 50 kr.
Styret gjer framlegg om same sats for 2025
6. Val av leiar, styremedlemer, varamedlemer, ettersynspersonar for rekneskap, og valnemnd.
Framlegg frå valnemnda (Arve Skutlaberg og Reidar Borgstrøm) vert lagt fram på møtet.
Etter årsmøtet vert det høve til å drøfta kva Ås mållag bør arbeida med i 2026
Vel møtt!
Ås, 24. januar 2026
Styret i Ås mållag

24/01/2026

Årsmelding for 2025
Ås mållag
Etter vala på årsmøtet 13. februar 2025 fekk laget fylgjande tillitsvalde:
Styret:
Leiar for eitt år: Bjørn Huso
(og etter konstituering på styremøte 3.3.2025) :
Nestleiar : Åsmund Bjørnstad
Sekretær : Tormod Ådnøy
Kasserar : Odd Henning Unhjem
Styremedlem : Veslemøy Sunniva Oma
Varamedlemer : Kristi Vindedal, Signe Årsvoll Skare, Elin Judit Straumsvåg, Skjalg Arne Hansen
Ettersynsnemnd (valt for eitt år):
Karin Heggen
Signe Kroken
Valnemnd:
Arve Skutlaberg
Reidar Borgstrøm
Medlemstalet
Ved utgangen av året 2025 hadde 69 medlemer betalt kontingent mot 66 ved utgangen av 2024 og 69 i 2023.
Styremøte
Det har vore sju styremøte i 2025: 7. januar, 3.mars, 6. mai, 19. juni, 19. august, 23. september, 25. november; og eitt i 2026 : 27. februar.
Kulturkveldar
Det viktigaste arbeidet Ås mållag gjer er å skipa til kulturkveldar. Ofte er det i samarbeid med Ås Bibliotek, men med to unntak denne gongen.
14. mars : ‘Dylan-på-nynorsk’-konsert med Tom Roger Aadland i Ås kinovestibyle i lag med kulturavdelinga til Ås kommune. Åsmund hadde ein fin introduksjon av Ådland. Det var om lag 60 tilhøyrarar.
2. september, før stortingsvalet : Leif høghaug – om boka hans – «Jonas Gahr Støre - eit dikt». Forfattaren framførte langdiktet som har fått terningkast 6 av fleire meldarar. Diverre kom det svært få (5 betalande), trass i invitasjonar til fleire politikarar. Truleg kom dette av kollisjon med vanlege valopplegg der dei får profilere seg.
11. november : ‘Eg veit i himmerik ei borg’ Nynorsk salmebok 100 år - i lag med Ås Kyrkjeakademi i Arbeidskykja. Her var det gratis inngang, og relativt fullt – (oppimot 100 personar?).
13. januar 2026 : Eldar Heide snakka om ‘Urgardsteorien’. Det kom 90 betalande (!) på møtet som var skipa i lag med Ås Historielag. Møtet begynte 19:00, men der var sveler og kaffi frå 18:30.
Annan aktivitet
Mållaget er medlem i Ås kulturråd (ÅKR) og var representert på ÅKR sitt medlemsmøte 15.1., årsmøtet 26.3., og på Kulturkonferansen 29.3.25
Veslemøy har formidla eit opplegg med klassesett av Norsk barneblad til skular i Ås. 2 klassesett med Norsk Barneblad er tinga til Rustad barneskole. Lærarane på andre og sjuande trinn ønskte dette. Blada blir sponsa av eit legat som Vikværingen rår over.
Ås mållag betaler for to abonnement på Norsk Barneblad, eitt til Ås bibliotek, og eitt til Nordby bibliotek. Føremålet med dette er å styrkja nynorsken til born i kommunen.
Ås mållag har òg fått støtte frå Vikværingen.
50 advents/jule-kalendrar med inntekt til laget blei selde (lanserte på møtet 11. november)
Lesing for barn på Ås Bibliotek, barneavdelinga var ti laurdagar ved Tormod, og to ved Åsmund.
I samband med ‘Prøv Ås’ 24.5. fekk ungane med potet heim.
Frå hausten 2025 er det kvar første laurdag i månaden. Vanlegvis er det først kl 12:00 ei 10-15 minuttsavdeling for dei minste(1-4 år) med enkle tekstar og mykje bilde på framvisar, så fruktpause, og deretter ei avdeling for dei litt eldre (5-9 år). Kari Stai si bok ‘Oskar og eg – alle stadane vi er’ har vore brukte til dei litt eldre.

Ås, 24. januar 2026

Styret i Ås mållag

23/12/2025

Lesestund for barn på Ås (barne-)Bibliotek laurdag 3.1.2026 kl 12.

Den 3. januar vil eg lesa
for dei minste :
«Er det sant at» av Kari Stai
Om Rakel som har ein far som er i fengsel, og Mikal som har ein far som døydde i fjor, og så skal dei laga farsdagskort på skulen.
for dei litt større :
kapittelet Akebakken
Eller : Ein stolen garasje og smaken av gul snø
frå Maria Parr : Oskar og eg – Alle plassane vi er (s. 156) med illustrasjonar av Åshild Irgens.
Om Oskar (snart 6 år) som har fått kjelke til jul, og endeleg er det snø. Men Naia-Maj og søster til Oskar har laga kiosk i akebakken som Oscar renn rett inn i ...
T

Eldar Heide : Urgardsteorien 13. januarUr-garden – fantasi eller røyndom?Kor gamle er gardsnamna våre? Klarer vi å kople...
23/12/2025

Eldar Heide : Urgardsteorien 13. januar
Ur-garden – fantasi eller røyndom?
Kor gamle er gardsnamna våre? Klarer vi å kople gamle gardsnamn saman med arkeologiske funn av gardsanlegg? Tja. Ein teori seier at den fyrste garden i ei bygd var som ein vedkubbe som vart kløyvd i mindre og mindre bruk, slik vi ofte ser i gardsnamn: Ås vart delt i Sørås og Norderås, osb. Då har vi funne den eldste garden når vi har funne det eldste gardsnamnet. Dette er teorien om urgarden, som særleg vart utvikla av Trygve Vik på 1970-talet i bygdeboka for Ås. Den er problematisk og har fått hard kritikk frå arkeologar. Men kanskje kan vi berge ideen likevel, i ein kombinert modell. Urgarden er eit sentralt spørsmål i norsk og nordisk namnegransking og arkeologi. Døme i føredraget blir mest henta frå Ås og omland.
Ås mållag og Ås historielag inviterer til møte i
Ås Bibliotek tysdag 13. januar 2026 kl 19:00.

Det blir kaffi og sveler frå 18:30.
Inngangspengar 100,-
Eldar Heide er frå Ås og jobbar i Bergen som professor i norsk på Høgskulen på Vestlandet. Han er dr.art. i norrøn filologi.
Han gjev ut podkasten Tru og meining i gammal tid.

Adresse

Ås

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ås mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ås mållag:

Snarveier

Del