12/02/2026
✨ Oppsummering av 2025 – eit år med store løft for Folkets Hus ✨
2025 har vore eit aktivt og viktig år for Folkets Hus. Me har fått gjort mykje som både styrkjer bygget vårt og gjer det meir tilgjengeleg og funksjonelt for alle som brukar det.
Her er noko av det som er blitt gjennomført i løpet av året:
❖ Ny bakdør i aluminium
❖ Ny inngangsdør til Ålvik Rock-kjellargang
❖ Ny handikapheis
❖ Nytt handikaptoalett og garderobe
❖ Nytt vassuttak ved hovudinngangen
❖ Nytt trekk til flygelet
❖ Ny delingsvegg med dør på scena
❖ Oppstart av renovering av dametoalettet
❖ Nytt ventilasjonssystem for toaletta ved hovudinngangen
❖ Jamnleg rydding, reinhald og generelt vedlikehald
Desse tiltaka hadde ikkje vore mogleg utan den enorme innsatsen frå dugnadsgutane våre. Dei legg ned rundt 1000 dugnadstimar kvart år, i tillegg er det fleire i styret som jobbar ein del i kulissane. De er heilt uvurderlege for oss – tusen takk for innsatsen, engasjementet og hjartet de legg i huset vårt.
Me vil òg rette ei stor takk til alle som støttar oss:
★ Brukarar av huset
★ Lag og organisasjonar
★ Innbyggjarar i bygda
★ Alle som stiller opp på arrangement, leiger lokala eller bidreg på andre måtar
De er med på å halde Folkets Hus levande og i bruk – slik det skal vere.
Ei særskilt takk går til dei som har gitt oss økonomisk støtte i 2025:
★ Sparebanken Norge
★ Sparebankstiftinga Hardanger
★ Elkem Bjølvefossen
★ Kvam herad
★ Privatpersonar gjennom gåver og grasrotandelar
Utan dykk hadde me ikkje kunna gjennomføre så mange viktige prosjekt dette året.
Tusen takk til alle som bidreg – smått og stort. Me gler oss til eit nytt år med aktivitet, utvikling og fellesskap på Folkets Hus! 💙