17/06/2026
Sidan 2018 har ekteparet Kåre Slaathaug (83) og Mickey Bambrick komt til Noreg for å guide på Waldehuset tre dagar i veka i tre månader. Slaathaug er utvandra nordmann til USA då han var 9 år gamal, og mor til Mickey er norsk. Dei møttes i USA og forlova seg nyårsafta i Noreg i 1990. I år har dei vore gift i 35 år. Når Kåre får brunost og sveler på tunga, då kjem det norske språket med ein gong, fortel han til Radio Sunnmøre med eit smil.
-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis.
-Eg trur Gud var her, seier Mickey Bambrick. Eg trur dette er ein veg for å fortelle om Guds arbeid, og det er viktig for meg å dele mi tru med andre, derfor er det viktig for meg å vere her, seier Bambrick.
Bambrick er forfattar og har skrive ned historia til Waldehuset. Det er no i gong ein prosess med å få historia på filmlerretet. Det blir ein skikkeleg Hollywood film i fylgje Bambrick, og neste år vil dei vite meir om når filmen blir laga og klar for publikum.
-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis. Høyr intervjuet med ektepa...