Giske Rotaryklubb

Giske Rotaryklubb Giske Rotaryklubb har 24 medlemmer, og vi møtast kvar torsdag klokka 20-21 på Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral, i Postvegen 615, Vigra. Interessert?

Vi møtast gjerne til kaffi og prat frå klokka 1930. Ta kontakt med oss! Rotary er ein verdsomspennande organisasjon som samlar leiarar frå næringsliv, frie yrke og offentleg verksemd som ønskjer å fremje velferd, høge etiske normer i alle yrke og som vil bidra til å bygge samhsld og fred i verda. Rotary sitt formål er å fremje og styrke viljen til å gagne andre som grunnlag for alt vårt virke.

Onsdag 20.mai ble en fantastisk fin og solrik  dag i naturmøteplassen på Roald-Vigra. Mange frammøtte fikk nystekte vafl...
20/05/2026

Onsdag 20.mai ble en fantastisk fin og solrik dag i naturmøteplassen på Roald-Vigra. Mange frammøtte fikk nystekte vafler og kaffe. En riktig kosestund med hyggelig prat og god latter blant de framøtte. Per Otto har fått skikkelig dreisen på vaffelpressa og serverte varme sprø vafler. Alle er velkomne til naturmøteplassen hver onsdag kl. 12 ut sommeren tom september.

Vi gratulerer så hjerteleg med overstått dag til Sverre Ola Roald. Han fylte 80 år 30. april, men var bortreist på dagen...
15/05/2026

Vi gratulerer så hjerteleg med overstått dag til Sverre Ola Roald. Han fylte 80 år 30. april, men var bortreist på dagen.
Sverre har vore medlem av Rotary sidan 10. juli 1996, så han har også 30 års jubileum som rotarianar i år.
I dag fekk vi høve til å levere ei lita helsing frå Giske Rotaryklubb heime i den velstelte hagen på Vigra, der han og kona Hildegunn koste seg med hagearbeid på den nydelege solskinsdagen.

I det flotte veret var det god stemning og mange frammøtte på årets første Naturmøteplass i Sandvika på Roald i dag. Per...
13/05/2026

I det flotte veret var det god stemning og mange frammøtte på årets første Naturmøteplass i Sandvika på Roald i dag. Per Otto og Britt var vertskap i dag, og serverte kaffi og vafler med både rømme og syltetøy - alt smakte nydeleg, og praten gjekk fritt, som det høver seg når vi møter kjentfolk.

Takk for laget til dei som kom, og vel møtt neste gong til alle dykk andre. Vi møtest kvar onsdag frå klokka 12 til 13.30 framover ut september!

Teodor Dyb og Julia Klokk Eidskrem er leiar og nestleiar i Giske Ungdomsråd. På møtet i dag fortalde dei engasjert om al...
07/05/2026

Teodor Dyb og Julia Klokk Eidskrem er leiar og nestleiar i Giske Ungdomsråd. På møtet i dag fortalde dei engasjert om alt Ungdomsrådet arbeider med, og begge la særleg vekt på kultur og kulturskulen. Dei er opptekne av ungdommen sine oppvekstvilkår, og fortalde kor viktig kollektivtilbodet er - og at Ungdomsrådet hadde fått gjennomslag for å endre bussrutene i Giske. Ungdomsklubben er ei viktig sak som Ungdomsrådet har arbeidd for å få i gang.

Det vart ein fin samtale mellom oss "godt vaksne" i klubben og dei to flotte ungdommane. Tusen takk for eit hyggeleg og inspirerande besøk, begge to!

Vel møtt til naturmøteplass, kvar onsdag frå 13. mai til 39. september!
07/05/2026

Vel møtt til naturmøteplass, kvar onsdag frå 13. mai til 39. september!

Onsdag 13. mai klokka 12.00 til 13.30 stiller Giske Rotaryklubb i samarbeid med Sunnmøre Friluftsråd opp i gapahuken i Sandvika på Roald med varm kaffi, saft, nysteikte vafler, breie smil og triveleg prat. Så møtest vi kvar onsdag framover ut september, klokka 12.00 til 12.20. Ingen påmelding,...

I dag hadde vi intern foredragshaldar. Gunnar Kvalsund fortalde om hobbyen sin, ølbrygging, i eit interessant og engasje...
30/04/2026

I dag hadde vi intern foredragshaldar. Gunnar Kvalsund fortalde om hobbyen sin, ølbrygging, i eit interessant og engasjerande foredrag. Dessverre kunne han ikkje by på smaksprøver, sidan dei aller fleste kjem køyrande til Rotary-møte.

Gunnar prøver seg på ulike typer øl - både lyst og mørkt. Han fortalde om vegen frå at byggkornet blir malta og meiska, og til gjær og humle gjer omdannar det til det lekraste øl.

Tusen takk, Gunnar!

23. april hadde vi besøk av Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar av NAV Giske. Ho har vore tilsett ved trygdekontoret i Gisk...
23/04/2026

23. april hadde vi besøk av Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar av NAV Giske. Ho har vore tilsett ved trygdekontoret i Giske, og seinare NAV Giske i over 30 år.

Ho la fram eit oversyn over statusen i Giske kommune, sett frå NAV si side, og kunne fortelje at sjukefråværet i Giske er høgt sett i forhold til resten av landet. Kvifor det er slik, veit ein ikkje. Ho fortalde óg om korleis NAV arbeider for å motverke utanforskap på ulike nivå - frå barn som veks opp i familier med svak økonomi, unge som fell frå i skulen og ikkje kjem seg i jobb, om arbeidet med å integrere flyktningar på ein god måte.

NAV Giske har nettopp signert avtale med Vigra Aktivitets- og Frivilligsentral om eit opplegg for nokre ungdommar, og Tone Mette hadde store forhåpningar til dette. NAV har i mange år samarbeidd med Giske Frivilligsentral om liknande tiltak.

Ei av dei store utfordringane for Giske kommune og resten av landet, er at ein stadig større del av innbyggjarane er over pensjonsalder. I dag er det 3,1 yrkesaktive per person over 67 år. I følgje prognosen vil det i 2050 berre vere 1,4 yrkesaktive per person over 67 år. Denne såkalla "eldrebølgja" er ei utfordring, men vi ser at eldre no er sprekare enn tidlegare, så vi kan vel rekne med at pensjonsalderen vil auke.

Vi takkar for eit svært interessant foredrag!

𝗣𝗮𝘂𝗹 𝗛𝗮𝗿𝗿𝗶𝘀 𝗙𝗲𝗹𝗹𝗼𝘄𝘀𝗵𝗶𝗽 𝘁𝗶𝗹 𝗜𝗻𝗴𝗲𝗿 𝗠𝗮𝗿𝗶𝗲 𝗦𝗲𝘁𝗵På vårfesten i Giske Rotaryklubb fekk Inger Marie Seth tildelt Paul Harris Fe...
12/04/2026

𝗣𝗮𝘂𝗹 𝗛𝗮𝗿𝗿𝗶𝘀 𝗙𝗲𝗹𝗹𝗼𝘄𝘀𝗵𝗶𝗽 𝘁𝗶𝗹 𝗜𝗻𝗴𝗲𝗿 𝗠𝗮𝗿𝗶𝗲 𝗦𝗲𝘁𝗵
På vårfesten i Giske Rotaryklubb fekk Inger Marie Seth tildelt Paul Harris Fellowship frå NORFO (Norsk Rotary Forbund) for sin mangeårige innsats med internasjonal ungdomsutveksling. Mange rotarianarar tek del både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Inger Marie var i ei årrekke ansvarleg for såkalla "short-term/outbound".

Giske Rotaryklubb gratulerer så mykje med en svært fortent heider!

Det var Gunnar Kvalsund som overrekte denne ordenen til Inger Marie på vegne av NORFO, og las denne helsinga:

𝘽𝙚𝙜𝙧𝙪𝙣𝙣𝙚𝙡𝙨𝙚 𝙛𝙤𝙧 𝙋𝙃𝙁
Inger Marie har vært en viktig person i Rotary Norge sin utvekslingskomité i mange år. Siden 2017 har hun vært ansvarlig for short-term/outbound.

Hun har på en ryddig, hjelpsom og god måte sørget for at mange norske ungdommer som ønsker å reise ut i verden på en 10-14 dager Rotary Summer Camp, har fått sine drømmer oppfylt.

Arbeidet hennes har bestått av å ta imot søknader, kvalitetssikre disse samt sørge for at disse ungdommene får plass på rett Camp. En del av arbeidet har også vært knyttet til økonomisk oppfølging og rett grunnlag for fakturering.

Vi er henne en stor takk skyldig for denne enestående jobben hun har utført på nasjonal basis (på frivillig basis selvsagt), og vi savner allerede den alltid så blide dama i teamet vårt.

Dette er derfor en særs velfortjent PHF til Inger Marie Seth.

Hilsen
Rolf Thingvold
Ansvarlig for Rotary ungdomsutveksling i Norge

Tusen takk til alle som var med på å gjere vårfesten vår så kjekk og minneverdig. Tusen takk til Mjølner Kultur og Samfu...
11/04/2026

Tusen takk til alle som var med på å gjere vårfesten vår så kjekk og minneverdig. Tusen takk til Mjølner Kultur og Samfunnshus som har pussa så fint opp og som stod på for at vi skulle ha gode lokale til festen. Tusen takk til Astrid Overå som serverte humoristiske og tankevekkande ord og tonar slik berre ho kan. Tusen takk til Oddvin og Gunnar som kokte nydeleg fiskesuppe. Tusen takk til Karin som bakte den herlege foccacciaen, til Giedre som pynta borda så fint, til Inger som ordna med gevinstar, til Ludvig som ordna med alskens innkjøp og bestillingar og tok bilda du ser her, til Marit som organiserte oppvasken etter oss, til Britt som passa på at alle kom og fekk betalt billetten sin.

Takk til alle som tok eit tak og rydda opp så vi var heime att i god tid!

Men mest av alt - takk til alle som kom og kosa seg i lag med oss denne fredagskvelden.

03/04/2026
Torsdag 26. mars var vi så heldige å få besøke Elin Rørvik og dottera Ane som driv forretning og bunadsproduksjon i Skar...
27/03/2026

Torsdag 26. mars var vi så heldige å få besøke Elin Rørvik og dottera Ane som driv forretning og bunadsproduksjon i Skaret på Valderøya. Der har dei to butikkar og sel sko, garn og interiør- og designartiklar. I starten var det interiørartiklar som var hovudsaka, men i dag er hovudvekta på bunadssaum.

Både Elin og Ane har sveinebrev og lang erfaring med bunadssaum. og kjenner sunnmørsbunadane betre enn dei fleste. Dei har stor pågang frå heile landet, og har no til saman sju tilsette. Tradisjon og kvalitet er ein berebjelke for arbeidet.

Ein bunad skal vere eit stasplagg og vare livet ut, og han representerer kvalitet i alle ledd, i stoffval, nøyaktige og krevjande broderi og utforming og montering som skal ta høgde for både slitasje og endringar i kroppen gjennom livet.

Vi takkar for eit hyggeleg og inspirerande besøk.

Adresse

Postvegen 615
Ålesund
6040

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Giske Rotaryklubb legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del