25/10/2025
SISTE BESØK FRÅ BUSSGRUPPENE I ÅR!
Det var 13. oktober, skodda låg tjukk og det regna. Klokka nærma seg 18, og vi venta
den siste turistbussen frå cruiseskip til Rosekyrkja denne sesongen. Turistane kjem
for å sjå kyrkja innvendig, og under slike forhold er det nokså mørkt i kyrkjerommet.
For første gong i historia rigga vi opp elektrisk lys slik at turistane kunne sjå
innvendige detaljar godt, og det vart faktisk vellykka. Det var vanskeleg å ta bilde
inne i kyrkja, men ute ved kyrkjegardsmuren stilte Coby og Amber frå New Mexico
villig opp for fotografen. På spørsmål om kva inntrykk dei hadde fått av bussturen
under slike vêrforhold, svarte dei positivt at dei hadde starta med solgløtt i Ålesund
tidlegare på dagen, dei hadde fått med seg Trollstigen som faktisk var open,
Gudbrandsjuvet og så Rosekyrkja.
Som nemnt, var dette avslutningsbesøket for cruisebåtturistane denne sesongen. Vi
har hatt nokså nøyaktig 4000 turistar berre frå cruiseskip denne sommaren. Dei er i
hovudsak engelsktalande og kjem frå USA. Tala for dei andre turistbesøka er ikkje
klare enno. Coby fortalde at han hadde slekt frå Rosendal i Hardanger. Han hadde
også far sin med seg på bussen. Faren kunne fortelje både det eine og det andre om
norske forhold til son og svigerdotter. Dette er heilt typisk. Det ser ut for at mange av
dei amerikanske turistane i alle fall delvis blir motiverte til å reise på cruise til Noreg
på grunn av at dei har slektsrøter her.