Ål frivilligsentral

Ål frivilligsentral Frivillig arbeid, sosiale møteplasser, bistand til lokale lag og foreningar. Har du litt tid til overs? Ta kontakt!

Lyst til å gjera noko meiningsfullt, eller kanskje du treng hjelp til noko?

K U R S   F O R   F R I V I L L I G EFrivilligsentralen har gjennomført kurs for frivillige i kommunikasjon med personar...
10/06/2026

K U R S F O R F R I V I L L I G E
Frivilligsentralen har gjennomført kurs for frivillige i kommunikasjon med personar med demens.

Stor takk til Margit Jordet som var kurshaldar. Ho underviste i kva vi kan gjere for å skape gode stunder og finne aktivitetar som har vore viktig og som kan kalle fram gode minner.

Ho gav oss nyttige kommunikasjonsråd å bruke med personar med demens. Bruk alltid navnet til personen, slå av radio/TV og ikkje bruk «hugsar du».

Ål bibliotek har fleire fagbøker som du kan låne om dette temaet.

S O M M A R C A M P   2 0 2 6 22. - 24. juni for 5. til 10. trinn i Ål kommune.Påmeldingsfrist 12. juni.
10/06/2026

S O M M A R C A M P 2 0 2 6
22. - 24. juni for 5. til 10. trinn i Ål kommune.
Påmeldingsfrist 12. juni.

Sommaraktivitetar for 5. til 10. trinn frå 22.-24. juni. Påmelding innan 12. juni.

🌺🍽️ ETA I LAG 🎶🌸For ein fin kveld vi fekk saman på Sundrehall! Vi samla heile 60 til bords til ei hyggeleg sommarstund m...
04/06/2026

🌺🍽️ ETA I LAG 🎶🌸
For ein fin kveld vi fekk saman på Sundrehall! Vi samla heile 60 til bords til ei hyggeleg sommarstund med rummegraut og spekemat - god og tradisjonell sommarkost.

Kvelden baud på varm og inspirerande sommartale med Karen-Margrethe. Sjølvsagt song vi sommarsongar som skapte god stemning rundt borda med Toril som forsanger og Levor på trekkspel.
Fruktkorg fekk ein heldig vinnar, og
som seg hør og bør vart det også dans til slutt, med Sønnavindsvalsen som sette prikken over i-en.

Tusen takk til alle som deltok og bidrog til eit så fint lag - og tusen takk til elevar ved Ål videregående skole som hjalp til med pådekking og servering.

Tusen takk til Einar Juels legat som har gitt oss midlar til dette arrangementet.

🌺A K T I V I T E T A R    I    J U N I 🌺
01/06/2026

🌺A K T I V I T E T A R I J U N I 🌺

S O M M A R T R E N I N G Gratis for alle i regi av Frisklivssentralen Ålfrå veke 26 til og med veke 33
29/05/2026

S O M M A R T R E N I N G
Gratis for alle i regi av Frisklivssentralen Ål
frå veke 26 til og med veke 33

Frisklivssentralen i Ål inviterer til open trening i sumar.

Sommarcamp for 1.-4. trinn i regi av Ål kyrkje
28/05/2026

Sommarcamp for 1.-4. trinn i regi av Ål kyrkje

No er Folkemusikkveka i gang - løp og kjøp billettar🎶🎻🪈🪗🎸🎵
27/05/2026

No er Folkemusikkveka i gang - løp og kjøp billettar🎶🎻🪈🪗🎸🎵

Hugs å sikre deg billett til årets festival!

Du får kjøpt festivalpass og billettar hos Ål kulturhus: https://aal.kulturhus.no/kulturprogram/
Det vert billettsal i døra ved alle arrangement, men me oppmodar publikum om å kjøpe på førehand.

Alle pass må byttast inn i billettarmband. Dette gjer du på festivalkontoret på Thon Hotel Hallingdal undervegs i festivalen, eller i billettsjekken på det fyrste arrangementet du skal på.

Publikum med festivalpass kan sikre seg garantert plass ved å kjøpe seg gratis plassbillett. (OBS: Gjeld berre for Kyrkjekonserten, Bygdamønstringa, Festkonserten og Hex Liminal).

HØRSELSTREFFSiste hørselstreff før ferien med Hørselsforbundet Hol og Ål blir torsdag 28. mai kl. 11.00-13.00 på Ål friv...
26/05/2026

HØRSELSTREFF
Siste hørselstreff før ferien med Hørselsforbundet Hol og Ål blir torsdag 28. mai kl. 11.00-13.00 på Ål frivilligsentral.

Drop in, ingen timebestilling.

Adresse

Myren 40
Ål
3570

Åpningstider

Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 14:00

Telefon

+4790708637

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ål frivilligsentral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ål frivilligsentral:

Del