Ål spel- og dansarlag

Ål spel- og dansarlag Ål spel- og dansarlag jobbar for å halde den lokale folkedansen og folkemusikkulturen levande i Ål

Frå fredagens hallingmesterskap i laus. Sju seniorar (over 18 år), tre juniorar (12-18 år) og heile elleve rekruttar (un...
12/04/2026

Frå fredagens hallingmesterskap i laus. Sju seniorar (over 18 år), tre juniorar (12-18 år) og heile elleve rekruttar (under 12 år) var med.

Arne Sølvberg frå Stryn spelar på folkemusikk-kafé i morgon! Vel møtt!
10/04/2026

Arne Sølvberg frå Stryn spelar på folkemusikk-kafé i morgon! Vel møtt!

I går hadde me lokallagsmøte i prosjekt tradisjonskultur på Hagaled gjestegård på Nesbyen. Folkemusikk-koordinator har l...
10/04/2026

I går hadde me lokallagsmøte i prosjekt tradisjonskultur på Hagaled gjestegård på Nesbyen. Folkemusikk-koordinator har leia desse møtene der me koordinerer aktivitet og unngår kollisjonar. I tillegg drøftar samarbeidsprosjekter og felles søknadar. Jo Asgeir orienterte også om status for Landsfestivalen 2028 som skal vere på Ål, men som blir eit fellesprosjekt for folkemusikkmiljøet i heile dalen.

Dette var siste møtet for folkemusikk-koordinator Andrea Søgnen som no skal inn å vikariere som dagleg leiar i Folkemusikkveka, men ny koordinator er snart på plass og det var mange gode søknader til stillinga. Det vart sjølvsagt takk og applaus til Andrea for den innsatsen ho har lagt ned ved gjennomføring av store folkemusikk- og folkedansprosjekt i alle barnehagar og grunnskular i Hallingdal i stor grad finansiert med eksterne prosjektmidler, men ikkje minst har koordinatorstillinga bidrege til eit momentum og oppsving for aktivitet i lokallaga og no er alle lokallaga meir aktive enn dei har vore på mange år!

Frå venstre: Sigrunn Bæra Svenkerud (Nes spel- og dansarlag), Magne Øynebråten (Gol spel- og dansarlag), Knut Terje Venås (Hemsedal spel- og dansarlag - dei har skifta namn frå spelemannslag no), Martin Myhr (Hugnad UL, Hallingdal juniorspelemannslag og Snøgg i snudnan - Folkedans i Hallingdal), Jo Asgeir Lie (Ål spel- og dansarlag), Oddbjørn Kvile Gauteplass (Geilo Spelemannslag), Anders Lunden Herfoss (Hallingdal låtelag), Sigbjørn Stølen (Hallingdal Toraderlag), Andrea Søgnen (folkemusikk-koordinator, prosjekt tradisjonskultur), Solfrid Nestegard Gjeldokk (Folkemusikkveka), Rannveig Øygardslia (Sprang).

Foto: Nikolaj Bo Fischer Nielsen

I kveld arrangerer Fryd Scene flott konsert på Tanken (gamle Ål meieri) for dei eldste og for dei yngste er det folkedan...
20/03/2026

I kveld arrangerer Fryd Scene flott konsert på Tanken (gamle Ål meieri) for dei eldste og for dei yngste er det folkedanskveld på Vonheim (sjå annonse i kommentarfelt). I morgon er det årsmøte i Ål spel- og dansarlag kl. 16 på møterom Dyna, Ål kulturhus. På kvelden arrangerer Hallingdal låtelag og Geilo Spelemannslag konsert og folkemusikkpub på Øen turistsenter, Geilo kl. 19.30. Ei innehaldsrik folkemusikkhelg i vente!

Witamy na koncercie! GROUPA + Marta Matuszna🇵🇱

Fredag 20. mars - 19.30 på Tanken Arena. Kven tek du med deg hit?🤩

Ny folkedanskveld for born- og unge på fredag - denne gongen i Bygdahall på Hagafoss. Vel møtt!
24/02/2026

Ny folkedanskveld for born- og unge på fredag - denne gongen i Bygdahall på Hagafoss. Vel møtt!

Første folkedanskveld for born- og unge på Hugnadheim fredag!
04/02/2026

Første folkedanskveld for born- og unge på Hugnadheim fredag!

Folkemusikk-konsert med Kjetil Meberg Myhren på TID kafé & landhandel førstkomande laurdag kl. 13!
03/02/2026

Folkemusikk-konsert med Kjetil Meberg Myhren på TID kafé & landhandel førstkomande laurdag kl. 13!

Adresse

Ål
3570

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ål spel- og dansarlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Ål spel- og dansarlag:

Del