08/04/2025
Nokre opplevingar gir oss ekstra varme i hjertet og ein god latter forlenga virkelig livet!
Ei normal mandagsøving vart oppi eit lite eventyr :-)
Vi vart berre 5 igår, då sjettemann lagst ned med sykje dessverre :-(
Likevel, etter song nr 2 så vart vi oppmerksomme på tre småtroll som kika på oss gjennom vindauget.
Vår spelande dirigent opna døra for dei og spurte om dei hadde lyst å kome inn, og etter song nr 3 kom dei luskande inn døra og sette seg fint ned på bakerste benk, med folda hender, som naturleg var på sjølvaste Fiskarheimen 😂
Etter song nr 4 kom applausen, etter song nr 5 når vi prøvde oss på 17 mai program kom dei stiltrande heilt fram der vi sat, og ville sjå nærare både på oss og notane sikkert :-) Vår spelande dirigent fekk spørsmål om kvifor han hadde så mykje hår på armane men ingen bart ? 😂😂😂
Etter song nr 6 kom der ei mor og tok dei med seg på nye eventyr 🥰
Artig oppleving, god latter og glede i hjerte og sjel over å sjå stjernene som glitra i fanteaugene på desse små 😍
Enn om, kanskje greier vi å rekruttere noken av dei, eller andre som syns det kan vere kjekt med noke anna å styre med i kvardagen enn stress? Det er alltid håp i hengande snøre, og alle er hjertelig velkomne uansett