Alversund mållag

  • Home
  • Alversund mållag

Alversund mållag Velkomen skal du vera til fjesboksida vår! Her vil me i Alversund Mållag leggja ut arrangement, informasjon, bilete og anna gøy.

Alltid kjekt å møta gode målfolk 😊
10/06/2026

Alltid kjekt å møta gode målfolk 😊

Eit kjekt og nyttig sammøte med mållaga i Alver kommune i dag😊
Denne gongen møttes me i vakre Tjorehagen. Diverre var det ikkje vér til å sitje ute, men hyggeleg inne i kaféen også😊
Takk for ei fin stund, Lindås mållag, Meland Mållag og Alversund mållag 😊

Me gler oss!
13/05/2026

Me gler oss!

Visste du at det knapt finst ein serie for ungar som les sjølv, der dei kan forsvinna inn i bok etter bok, slik dei verkelege slukelesarane elskar å gjera - på nynorsk?

Eg har eigentleg aldri brydd meg noko særleg om ting som dette. Då eg sjølv var liten las eg Billy og Tintin og Spiralis og Lucky Luke, lånte med meg alt av Roald Dahl, og slukte seinare både Hardy-guttene og Frøken Detektiv, før eg fekk den store Ragnar Hovland-oppvakninga i ungdommen.

Og som far har eg aldri hatt noko problem med å lesa bokmålsbøker høgt for ungane. Eg les uansett på tilnærma dialekt når eg les høgt, så det er liksom ikkje så nøye.

Men det er eit problem.

Me bur i eit lite land. Det er i utgangspunktet få menneske som lærer seg å lesa norsk. Og endå færre som veks opp med nynorsk som skriftspråk. Resultatet er at dei aller fleste bøker som blir skrivne for denne målgruppa, kjem på bokmål.

Ikkje eitt vondt ord om bokmål, altså (i alle fall ikkje akkurat her), men det er ikkje mitt språk. Det var det ikkje då eg vaks opp, og det er det framleis ikkje. Og slik er det trass alt for ganske mange tusen ungar i dette landet.

Dei treng òg bøker dei kan forsvinna inn i. Og misforstå meg ikkje, det er fullt av gode barnebøker på nynorsk. Men morosame og spennande seriar, som varer og varer, som dei kan sluka og elska og berre gå og venta på neste bok i, slik me veit at ungar kan? Det er ei akutt mangelvare.

Marknaden skrik kanskje ikkje etter desse bøkene. Men ute på øyane, langs fjordarmar, i byggefelt og bygardar, sit det ungar som treng slike bøker. Dei treng å møta sitt eige språk i kvardagen, i eit format som kan gje mengdetrening og leseglede.

Og no skal dei få det.

For det er nettopp dette som er min største motivasjon til å bruka heilt urimeleg mykje tid på eit prosjekt som Katastrofedagbøkene. Som alltid er jobben å fortelja gode historier. Men her ligg det eit større ønske bak. Det er rett og slett språkpolitikk.

Og vil du bidra til at serien får eit langt og godt liv, er det berre å følgja med i butikkhyllene etter sommaren - eller aller helst hiva deg rundt når førehandssalet opnar.

Katastrofedabøkene, altså. Dei fire første bøkene kjem i august/september, og heiter Hamstertrøbbel, Skandale i skitrekket, Flukta frå dustefamilien og Samson snakkar sant.

Og ja, du må gjerne dela med alle du kjenner som er opptatt av eit levande språk.

Illustrasjonen er frå boka Skandale i skitrekket, teikna av min gode kompanjong Bård Sletvold Torkildsen.

Alversund mållag er særs takksam for at Fjord1 hyllar Alversund mållag og kallar opp den ny båten etter det 70 år gamle ...
23/04/2026

Alversund mållag er særs takksam for at Fjord1 hyllar Alversund mållag og kallar opp den ny båten etter det 70 år gamle mållaget: Alversund

Etter fleire forseinkingar er den nye båten som skal betena Nordhordlandsruta endeleg på vatnet.

29/03/2026

Alversund mållag har hatt årsmøte. Styret har no denne samansetjinga:
• Leiar: Karin Monstad
• Nestleiar: Kjartan Sylta
• Skrivar: Norunn Nordbø Rydland
• Kasserar: Margun Sellevoll
• Varamedlem: Inger Helen Midtgård
• Varamedlem: Marit Gro Berge

Gledeleg med nynorsk i Coop.
25/03/2026

Gledeleg med nynorsk i Coop.

Over 100 songglade nynorskentusiastar var på sundag samla til arrangementet “Håtta du”. Årets arrangement, det tjuande i...
18/02/2026

Over 100 songglade nynorskentusiastar var på sundag samla til arrangementet “Håtta du”. Årets arrangement, det tjuande i rekkja, vart trygt og godt leia av Inger Helen Midtgård og Kristin Rongevær. Else Iren Westervik var forsongar, akkompagnert av Boris Kuprijanov. “Håtta du” tek utgangspunkt i Lars Søraas si songbok. Steinar Hunskår gav oss ei god innsikt i liva til Søraas, både “Søraas den eldre” og “Søraas den yngre”. Vi fekk også ei flott avdeling med Arne Høyland. Mykje humor og lokalhistorie i hans opptreden. I pausen vart det som seg hør og bør servert fastelavnsbollar, kaker og kaffi. Alt i alt var ein stor suksess, og det kjem garantert eit “Håtta du” nummer 21.

Varmt tillukke - og verd å feira 🥳
05/02/2026

Varmt tillukke - og verd å feira 🥳

I dag er det 120 år sidan Noregs Mållag blei skipa! Hurra for alle små og store nynorsksigrar opp gjennom åra, og eit ekstra stort hurra for alle som har kjempa dei fram! 🥳

Kjekk reportasje i Strilen frå jubileumsfesten:
03/02/2026

Kjekk reportasje i Strilen frå jubileumsfesten:

Det var duka for middag, song og musikk då Alversund mållag markerte 70-årsjubiléet sitt på Strilatun den siste laurdagen i januar.

Alversund mållag hadde i går ei særs vellukka jubileumsfeiring. God mat, mange fine talar og helsingar,   historiefortel...
01/02/2026

Alversund mållag hadde i går ei særs vellukka jubileumsfeiring. God mat, mange fine talar og helsingar, historieforteljing, humor, godt orkester, dans, og alt anna som høyrer med når ein 70 åring skal feirast. Takk for alle bidrag!

Address


Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Alversund mållag posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

  • Want your organization to be the top-listed Non Profit Organization?

Share