Mork Sanitetslag

Kontakt organisasjonen

Mork Sanitetslag Mork Sanitetslag - stifta 1932 leiar Monika Aa. Johnsen 95 75 63 75 nestleiar Birgitt Barstad 47 90 95 21

I dag gjekk vi rundt bygda i flott haustver. Klar luft, fine haustfargar og sauer på beite. Ein fin tur 🍁🍂
29/09/2026

I dag gjekk vi rundt bygda i flott haustver. Klar luft, fine haustfargar og sauer på beite. Ein fin tur 🍁🍂

28/09/2026

🍀KLØVERTUR🍀
Tysdag 29. september vert det ettermiddagstur rundt bygda.Oppmøte ved ungdomshuset kl. 18.
Ein treng ikkje vere medlem for å vere med på tur.

VEL MØTT🍀

I dag tok vi turen til Panoramavegen. Fire damer var med. Vi hadde fint ver, ikkje ein regndråpe, vindstilt og til og me...
22/09/2026

I dag tok vi turen til Panoramavegen. Fire damer var med. Vi hadde fint ver, ikkje ein regndråpe, vindstilt og til og med solglytt. I enden av vegen tok vi oss ei kaffipause for å nyte sola og sjå på utsikta. Ein lett og fin tur.

20/09/2026

🍀KLØVERTUR🍀
Tysdag 22.september vert det føremiddagstur. Vi bestemmer turmål når vi møtes ved Mork ungdomshus kl. 11.
Ein treng ikkje vere medlem for å vere med på tur.

VEL MØTT🍀

17/09/2026

Mork Sanitetslag har hatt varslingsøving for omsorgsberedskapsgruppa si i kveld. Vi er godt fornøgde med gjennomføringa, og ikkje minst med responsen: 90% svarte, 80 % kunne stille i løpet av kort tid!
Takk til dåkke alle 🌸

14/09/2026

🍀KLØVERTUR🍀
Tysdag 15. september tek vi turen rundt bygda vår. Oppmøte ved Mork ungdomshus kl. 18.

Alle vel møtt🍀

FOTPLEIE tysdag 15.september!Alt regnveret som har vore siste vekene, og konstant støvleveir, er nok ikkje det beste for...
09/09/2026

FOTPLEIE tysdag 15.september!

Alt regnveret som har vore siste vekene, og konstant støvleveir, er nok ikkje det beste for føtene våre... 🌨🌧🌫 Dei fortener litt solskin 🌞🌻så kvifor ikkje gi dei ei runde med litt velvere?
Bestill time til fotpleie i dag!
☘️Fotpleiar Venche Pilskog held til ved Volda Omsorgssenter, vegg i vegg med frisøren der.

☘️Medlemer/husstandsmedlemer blir sponsa med kr 100,- pr. behandling frå laget.

☘️Ta kontakt med Åshild Ytredal Liaskar på tlf.nr. 95 22 14 17 for påmelding.

I dag var vi fem  damer som tok turen frå Hovden Møbel til gapahuken ved Berget .Det var opphaldsver og mildt. Til og me...
08/09/2026

I dag var vi fem damer som tok turen frå Hovden Møbel til gapahuken ved Berget .Det var opphaldsver og mildt. Til og med sola titta fram av og til. Vi møtte mange andre turgåarar. Mange haustteikn å sjå. Ein kjekk og fin tur .

Sist veke signerte sanitetslaga i Volda ny beredskapsavtale med Volda kommune.
07/09/2026

Sist veke signerte sanitetslaga i Volda ny beredskapsavtale med Volda kommune.

Ny samarbeidsavtale med sanitetslaga i Volda styrkjer beredskapen i kommunen

Volda kommune og Volda omsorgsberedskapsgruppe har inngått ei ny samarbeidsavtale om omsorgsberedskap.

Avtalen styrkjer samarbeidet mellom kommunen og dei lokale sanitetslaga i Volda, Hornindal, Austefjord, Vikebygda og Mork, og bidreg til betre førebuing og støtte ved kriser og uønskte hendingar.

Gjennom avtalen blir dei frivillige ressursane frå sanitetskvinnene ein viktig del av kommunen si samla beredskap. Omsorgsberedskapsgruppa kan mellom anna bidra med omsorg og støtte til kriseramma, hjelp ved evakuerte- og pårørandesenter, matservering, informasjonsformidling og andre praktiske oppgåver når behovet oppstår.

Volda kommune ønskjer å rette ei stor takk til sanitetskvinnene for det uvurderlege arbeidet dei gjer for lokalsamfunnet. Deira engasjement, omsorg og vilje til å stille opp skaper tryggleik for innbyggjarane våre og er eit viktig bidrag til eit robust og godt førebudd lokalsamfunn.

Samarbeidsavtalen gjeld frå 1. september 2026 og har ei varigheit på fire år. Samarbeidet er eit uttrykk for den sterke frivilligheita i kommunen og den viktige rolla sanitetsforeiningane spelar i samfunnstryggleiken i Volda.

Foto: Inger-Johanne Johnsen

Adresse

Hjellegjerdet 9
Volda
6105

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Mork Sanitetslag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Mork Sanitetslag:

Snarveier

Del