Betre Saman

Betre Saman Vi er engasjerte Volda-foreldre som ynskjer ein kvardag for barn med god balanse mellom analoge og digitale aktivitetar.

Saman har vi skipa "Betre Saman", ein politisk uavhengig interesseorganisasjon. Saman vil vi jobbe for endring på samfunnsnivå.

Er barnet ditt åleine heime på nettet?
25/09/2025

Er barnet ditt åleine heime på nettet?

Er barnet ditt åleine heime på nettet?

Her er ein av førebyggarane våre, politioverbetjent Håvard Riise Kristiansen, på eit føredrag for foreldre til 8.-klassingar, med gode råd, og ein liten oppvekkar.

Han seier: «Å gi ein smarttelefon til eit barn utan klare rammer eller opplæring er vanvidd, og eit sjansespel med barnet ditt si psykiske helse».

Dette skjer i barna si digitale verd:

⚠️ Mobbing og utanforskap skjer ikkje lenger berre i friminutta, men døgnet rundt på mobilen.
⚠️ Eksponering for vald og pornografi kan skje kvar som helst, på guterommet, i bilen, eller på badet.
⚠️ Grooming og seksuelle overgrep på nett rammar både gutar og jenter, ofte under 18 år, og vi veit at mørketala er store.
⚠️ Utpressing og trugslar, der «tenåringsjenta» på nett eigentleg er ein vaksen mann som brukar nakenbilete for å presse barnet ditt for pengar.
⚠️ Grovt språk og retorikk blant svært unge barn.
⚠️ Hat og ekstremisme forkledd som humor spreiar seg i nettforum og chattegrupper.

Kva kan du som forelder gjere?

💙 Ver merksam på farane. Farar som vi vaksne ofte ikkje har erfaring med.
💙 Følg med, ver nysgjerrige, og sett krav til barna sitt digitale liv.
💙 Søk hjelp og kompetanse. Bruk ressursar som barnevakten.no, politiet.no, reddbarna.no, spør ein venn – og spør barna.
💙 Ha eit klima heime der barna seier ifrå til dokker om noko har skjedd.
💙 Og skulle uhellet vere ute, så ta kontakt!

Førebygging er heile samfunnet sitt ansvar, og du som forelder er den viktigaste førebyggaren i barnet ditt sitt liv.

Foto: Joachim Åsebø, Møre-Nytt.

📱 KVA MEINER DU OM SMARTTELEFON TIL BARN? 🤔I vår undersøking spurde vi foreldre både når barna deira fekk smarttelefon o...
28/05/2025

📱 KVA MEINER DU OM SMARTTELEFON TIL BARN? 🤔

I vår undersøking spurde vi foreldre både når barna deira fekk smarttelefon og når dei meiner det er passande at barn skal få ein.
Resultatet? Eit tydeleg sprik mellom det vi ønskjer – og det vi faktisk gjer. 😬📊

🧩 Peikar dette på eit behov for å stå sterkare saman?
Vi trur det! 💪 Som foreldre må vi samarbeide for å utsetje smarttelefonen så lenge som mogleg.

Nokre foreldre skriv at dei heldt igjen så lenge dei kunne ⏳, medan andre meiner smarttelefonen får ufortent mykje negativ omtale. 🤷‍♀️🤷‍♂️

💬 Kva tenkjer du? Bør vi vere tøffare saman – eller er vi for strenge? Del gjerne dine tankar i kommentarfeltet! 👇

Vi er svært glade for at vi har ein kommune som lyttar!👂📢Undersøkinga og våre prioriterte saker blei presenterte for ord...
16/05/2025

Vi er svært glade for at vi har ein kommune som lyttar!👂

📢Undersøkinga og våre prioriterte saker blei presenterte for ordførar Sølvi Dimmen og representant frå kommuneadministrasjonen, Line Homberset, for eit par veker sidan. Sjå sak i Møre med lenke.

📢I tillegg har kommunedirektør Kongsvik invitert oss til eit møte med barnehage- og skuleleiinga i
kommunen. I saka under seier han:
"– Først vil eg rose Betre Saman både for engasjementet og for å ta standpunkt som bidreg til eit viktig ordskifte kring den digitale verkelegheita våre barn og ungdomar skal finne sin plass i, seier kommunalsjef Per Ivar Kongsvik til Møre."

💚Vi takkar Volda kommune for ein konstruktiv dialog og gler oss til å høyre meir om kva Volda kommune ynskjer å gjere for å skape ei klok praksis for skjermbruk for born i Volda! 👦👧

Kommenter gjerne under dersom det er noko du meiner det er viktig at kommunen får innspel på!

Ein fersk spørjeundersøking blant føresette i Volda viser sterk uro for skjermbruk og skadeleg innhald på digitale plattformer. No tek foreldra grep – og kommunen lyttar.

Tusen takk for deltakinga i spørjeundersøkinga!🙌 240 foreldre svarte på spørsmåla. Vi starta denne gruppa for å represen...
01/05/2025

Tusen takk for deltakinga i spørjeundersøkinga!

🙌 240 foreldre svarte på spørsmåla. Vi starta denne gruppa for å representere foreldre i Volda. Difor ville vi begynne med å finne ut kva vi foreldre i Volda kommune meiner om ulike sider ved skjermbruk. Vi ynskjer å dele hovudfunna med dykk!

👀 Den generelle uroa for eige barns skjermbruk var normalfordelt blant foreldra – frå svært liten grad av uro til svært stor grad av uro - medan uroa for skadeleg innhald var meir tydeleg blant foreldra.

👀 Mange ser positive sider ved iPad-bruk i skulen, men 54,6 % svarar at dei ikkje meiner at skuleeigaren gjer nok for å skjerme barn og unge frå skadeleg innhald slik situasjonen er i dag.

👀 33 % av foreldra veit ikkje om skjermunderhaldning vert nytta i samband med matpausar på skulen, medan 60,4 % oppgir at det vert brukt kvar dag eller av og til.

👀 I gjennomsnitt meiner foreldra at 13.0 år er ein passande alder for å få smarttelefon, og 75,2 % av foreldra meiner at presset om å gje smarttelefon til barnet kjem for tidleg.

🙋‍♂️Ut frå desse funna og våre eigne haldningar, er det tre ting vi vidare vil arbeide for i Volda:

☝️1. Vente med smarttelefon til tidlegast 13 år: Få FAU til å vedta at dei vil ha smarttelefonfrie barneskular
(her må vi engasjere foreldra!).

☝️☝️2. Skjermfrie matpausar i skulen
(her ynskjer vi hjelp frå kommunen).

☝️☝️☝️3. “Tillat-filter” på nettbretta i barneskulen og krav om god og årleg informasjon frå skulen til foreldra om gjeldande avgrensingar
(her ynskjer vi hjelp frå kommunen).

Vi gler oss over mange som har teke seg tid å svare på spørjeundersøkinga vår, heile 226 svar per tid! Vi kan sjå fleire...
19/03/2025

Vi gler oss over mange som har teke seg tid å svare på spørjeundersøkinga vår, heile 226 svar per tid! Vi kan sjå fleire tydelege mønster, tydelegare enn venta då vi tok tak på arbeidet! Veldig spennande og interessant, og vi oppmodar alle i målgruppa om å bruke si stemme til å formidle si meining i denne kartlegginga. Vi held spørjeundersøkinga open ut inneværande veke, altså til og med 23.mars!

Til spørjeundersøkinga:

https://docs.google.com/forms/d/114mm4VLFNcSTLimC1AvgQqm7QMmhV_0JH37kkldKB5Y/viewform?fbclid=IwY2xjawJIsS5leHRuA2FlbQIxMQABHY5enQ5ATwvtwR-R_Eic7RSw5yFvqOGYpKWsNHp4e03X7-qzd9RTsVkjKw_aem_8EE5mJ6q7iYqJpjKUfCiTw&edit_requested=true

Ei nystifta foreldreforiening i Volda, Betre Saman, har lansert ei spørjeundersøking for å kartlegge haldningar til born sin skjermbruk. Målet er å finne ein betre balanse mellom det digitale og analoge livet for borna.

Idag opna spørjeundersøkinga for føresette til barn som soknar til barneskular i Volda Kommune! Dette er eit initiativ f...
11/02/2025

Idag opna spørjeundersøkinga for føresette til barn som soknar til barneskular i Volda Kommune!

Dette er eit initiativ for å kartlegge tankar og haldningar kring skjermbruk. Vi håper flest mogleg vil svare, så vi får eit best mogleg bilde av situasjonen lokalt!

Spørjeundersøkinga har vore på høyring i FAU kringom i kommunen, og har vore revidert etter ein rekke konstruktive tilbakemeldingar. Det tek ca. 5 min å svare, den er heilt anonym, og er open i perioden 11.2-11.3.2025.

Spørjeundersøkinga er lenka til under. Del gjerne!

På førehand tusen takk til føresette som tek seg tida til å svare!

Denne spørjeundersøkinga går ut til foreldre av barn i barneskulealder i Volda Kommune. Den består av to delar med til saman 22 spørsmål, og tek ca 5 min å besvare. Målet med undersøkinga er å få innblikk i delar av den digitale kvardagen til borna i Volda Kommune, og tankar kring dette i...

Adresse

Volda

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Betre Saman legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del