17/04/2026
Vi er stolte av å ha SpareBank 1 Sogn og Fjordane med på laget som sponsor for Bygdenæringsdagane i Stardalen 🙌
Utan gode samarbeidspartnarar hadde det ikkje vore mogleg å skape ein slik møteplass for bygda, næringslivet og alle som vil vere med og bidra til liv og aktivitet i Stardalen💚
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er ein viktig støttespelar for lokalsamfunnet vårt. Dei heiar på initiativ, verdiskaping og folk som vil få ting til å skje. Det passar perfekt saman med det vi ynskjer å få til med Bygdenæringsdagane.
Tusen takk for tilliten og støtta. Vi gler oss til å lage eit skikkeleg bra arrangement saman!