09/06/2026
I dag har Anna og Liv, frå Vike helselag, vore på Vike montessoriskule og gjort litt stas på elevane i 4.-7.klasse. Dei 35 elevane deltok i Hoppetaukonkurransen som Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerer kvart år. Ei heil veke i mai hoppa dei ca 60 min kvar dag. Det syntes helselaget var ein fin innsats, så dei fekk kvar sin diplom og t-skjorte, som takk for innsatsen.