24/08/2026
Er du pårørande til ein alvorleg sjuk person som bur heime?
Eller ønskjer du å bruke litt av tida di til å gi nokon støtte og avlasting i ein krevjande kvardag?
Pårørandevenn er eit interkommunalt samarbeid mellom Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Helse Møre og Romsdal. Tilbodet er for deg som står i ei tung omsorgsrolle for ein heimebuande, alvorleg sjuk person.
Ein pårørandevenn er ein frivillig over 18 år som kan gi sosial støtte og praktisk hjelp, men skal ikkje erstatte helsehjelp.
Kva kan ein pårørandevenn bidra med?
Samtalar og sosial støtte
Vere ein turvenn
Følgje og transport
Hjelp til matlaging, servering og vere selskap under måltid
Enkle praktiske oppgåver i heim og hage
Hjelp med kjæledyr
Vere med å leggje til rette for kvardagen rundt pårørande og pasient
Vil du ha ein pårørandevenn – eller bli ein?
Vestnes frivilligsentral rekrutterer, følgjer opp og matchar frivillige med familiar som ønskjer støtte.
Ta kontakt for meir informasjon:
[email protected], 974 84 478