Kvinnherad Sopp og sånt

Kvinnherad Sopp og sånt Vi er ei foreining under Norges sopp- og nyttevekstforbund.

Det har vore litt stille frå vår sida grunna helseutfordringar hos oss begge. Viss det er nokon der ute som kjennar at d...
09/07/2026

Det har vore litt stille frå vår sida grunna helseutfordringar hos oss begge.
Viss det er nokon der ute som kjennar at dei vil vera med å dra lasset og sitta i styret til Kvinnherad Sopp og Sånt, ta gjerne kontakt! 🤩

I går kveld fekk vi oss ein mini-plukkerunde. Bokstaveleg talt mellom husa våre på Løfall fann vi Mjødurt, Geitrams, Rødkløver, Kjerringrokk, Groblad, Johannesurt, Marikåpe, Ryllik, Markjordbær, Brennesle, Skvallerkål og Tunbalderbrå (nordens ananas). Alt passande til ein kopp te 😍☕️ (Hugs å sjekke interaksjonar, nokre urtar går ikkje vel overens med medisinar som til dømes blodfortynnande og p-piller).
Katten Skygge var sjølvsagt med.

Vil også opplysa om at kantarellen er byrja kome fram, så ta gjerne på deg skoa og soppbrillene og ta deg ein tur i naturen.

VÅR 🌞 og SKVALLERKÅL  - Denne dukkar opp nesten overalt, og det er ein stor sjanse for at du har den i hagen eller nærom...
14/05/2026

VÅR 🌞 og SKVALLERKÅL - Denne dukkar opp nesten overalt, og det er ein stor sjanse for at du har den i hagen eller nærområdet ditt! Vi syns den er skikkeleg god i pesto! Har du testa skvallerkål i matlaging? Del gjerne tips!

Det er dei lysegrønne, blanke blada som er best å plukke.
Og hugs å ikkje ete noko du ikkje er heilt sikker på kva er 😎☘️🌿

God jul og godt nyttår til alle🎄🎅🏻🍄 Vi gleder oss til eit nytt år og ny sesong med nyttevekster og sopp 🌟🌲🍄‍🟫
24/12/2025

God jul og godt nyttår til alle🎄🎅🏻🍄 Vi gleder oss til eit nytt år og ny sesong med nyttevekster og sopp 🌟🌲🍄‍🟫

Sjølv om det er blitt oktober er det framleis sopp å finna 😍🍄 Marie-Louise og soppusen Sigrid tok seg ein liten tur i gå...
03/10/2025

Sjølv om det er blitt oktober er det framleis sopp å finna 😍🍄
Marie-Louise og soppusen Sigrid tok seg ein liten tur i går og kom heim med ei lita korg kantarellar. Vi såg også piggsopp 🍄‍🟫

Tusen takk for ein fin tur i går. Vi fant mykje forskjellig sopp og hadde ein lærerik tur 😍🍄
08/09/2025

Tusen takk for ein fin tur i går. Vi fant mykje forskjellig sopp og hadde ein lærerik tur 😍🍄

Steinsoppen har endelig begynt å poppa opp her og der! 😍🍄‍🟫 Vi håpar dette er starten på ein god sopp-haust 🍁🍄‍🟫🍄 Er det...
17/08/2025

Steinsoppen har endelig begynt å poppa opp her og der! 😍🍄‍🟫 Vi håpar dette er starten på ein god sopp-haust 🍁🍄‍🟫🍄 Er det andre som har funne noko gøy i skogen? 🌲🌳

Tipsar om gratis nettforedrag onsdag 13.august kl. 19.00. Nyttig for både nybyrjarar og dei som allereie kan litt 🍄‍🟫Om ...
07/08/2025

Tipsar om gratis nettforedrag onsdag 13.august kl. 19.00. Nyttig for både nybyrjarar og dei som allereie kan litt 🍄‍🟫

Om nettforedraget:

"Lær hvor du skal se etter sopp, og hva du skal plukke.

Lurer du på hvor de ulike soppene vokser?
Vil du lære deg et par nye matsopper som du kan se etter i skogen?
Bli med på en kveld der du blir kjent med mange av våre gode matsopper, og lærer hvor du skal se etter dem.

Klaus Høiland er en av våre aller fremste soppformidlere. Han har forelest mykologi på universitetet i en årrekke, men vet også akkurat hva du som er ny i soppskogen må se etter."

Bruk naturen i ditt nærmiljø

Vi er i ei planleggingsfase om kva arrangement Kvinnherad Sopp og Sånt skal laga til. Er det nokon som har nokre ynskjer...
18/07/2025

Vi er i ei planleggingsfase om kva arrangement Kvinnherad Sopp og Sånt skal laga til. Er det nokon som har nokre ynskjer eller forslag?

Legg ved eit bilete av noko av det ein kan hauste for tida, pluss eit bonusbilete av Ingrid ved sida av ein monster-steinsopp medan vi venter på at steinsoppen skal spretta fram🍄

Soppsesongen er i gong, og Ingrid har allereie funne fleire kantareller! Så sjekk gjerne kantarellplassen din eller gå e...
11/07/2025

Soppsesongen er i gong, og Ingrid har allereie funne fleire kantareller! Så sjekk gjerne kantarellplassen din eller gå ein tur og leit etter sopp! Kantareller finn ein i både løv- og barskog, gjerne i nærleiken av mose. For dei av oss som er nybyrjarar kan det vera lurt å bruka Soppkontrollappen (sjå bilete). Her kan ein senda inn bilete av soppen og så sit det soppsakkyndige i andre enden og svarer på om dei er spiselige eller ikkje 🍄🌱 God tur!

Adresse

Utåkervegen 166
Valen
5453

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvinnherad Sopp og sånt legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Kvinnherad Sopp og sånt:

Snarveier

Del