01/05/2026
Haualeite er bookbar!
Det er no mogleg å booke og deretter spele på våra fantastiske grusbane på Haualeite. Egil og Ole testa bana 10 minutt i dag, og den spelar allereie fantastisk. Det er masse liv i bana, spretten er god og ein får godfølelsen med ein gong. Tusen takk til alle som kom på dugnad torsdag; det var til stor hjelp!
Eit par ting:
- Hugs å vatne bana godt før og etter bruk dersom veret er varmt og grusen mistar fargen sin og vert grå. Den skal ideelt sett inneha ein metta raudfarge. Vert bana og grusen for tørr vert bana altfor hard og glatt å spele på samt at vinden blås vekk mykje av sanden og me må då hive på meir grus kontinuerleg ila sesongen.
- Unngå sko som lagar store merker i dekket. Å spele på ein grusbane med mykje ujamnheiter er på langt nær like kjekt som å spele på ei grusbane med lite feilsprett. Tennissko anbefalast sterkt av mange grunnar. Sjekk ulike nettbutikkar og reviews på YouTube. Eit par kvalitets-tennissko trenger ikkje koste skjorta.
- Gå over bana med kostane etter økta. Ein kan bruke grovkostane når grusen er tørr, så bruker ein mattene hvis det er meir fuktigheit i grusen. Dette pga at grovkostane drar med seg store haugar med grus om den er fuktig. Trakk bana ved hjelp av sålen din før, under og etter speløkta dersom du ser tydelege fordjupningar i dekket. Bruk vatn frå slagen for å "pakke" grusen hard hvis grusen er tørr frå før. Hvis du ser at det er eitt eller anna som du ikkje føler deg komfortabel nok til å fikse som må gjerast på bana som td omhandlar lause linjer, nett eller spelflata; gje Ole ein lyd på 41255325.
- Hvis nokon lurer på noko ang tilgong, så ta kontakt med Vigleik Hustadnes på 48118820
- Det vert laga til ein sommarliga straks! Vil du utfordre deg sjølv ved å spele mot andre i klubben i sommar; gje Ole Wirum eit ring eller ved sms på 41255325 innan søndag 3 mai.
Ha ein god utesesong!
Mvh kings of clay, Egil og Ole