KFUK - KFUM Hareid

  • Home
  • KFUK - KFUM Hareid
Website

KFUK - KFUM Hareid KFUK-KFUM er ein landsomfattande kristen barne- og ungdomsorganisasjon. I laget på Hareid er speidaren, ten-sing og Holesandhytta ein del av arbeidet vårt.

02/09/2026

❤️ Neste år fyller Hareid kyrkje 150 år!
Hareid Ten Sing har vore ein vesentlig del av kyrkjelivet i mange av desse 150 åra. KFUK-KFUM Hareid har blitt utfordra til å lage eit stort kor med gamle og nyare tensingarar, bruke ei lita helg på å øve inn nokre songar og så ha ei form for konsert, midt i oktober 2027, siste helg i haustferien/første helga i Hareidstemna.

Vi kjem til å lage ein komité som kan arbeide med dette. Det kan bli ei utfordring å nå tak i gamle medlemmer, så vi håper på god hjelp til dette arbeidet. Førebels er planane noko vage. Men vi ser for oss å dele notar på førehand, øve ei helg og så køyre ein konsert der vi kan vise kor kjekt det er med skikkelig stort kor! Ei slik helg kan vere tidenes reunion! Har du lengta etter å spele i bandet igjen? Flott! Har du sakna å synge saman med 80 andre? No kan det skje!

Set eit merke i kalenderen, og start med å drage med nokre av dei du hugsar stod bak deg i koret:) Lik og del😉

Då er det straks klart til servering på Holesanden❤️ Betasodd med ferske horn til middag kan freiste alle og einkvar, el...
09/08/2026

Då er det straks klart til servering på Holesanden❤️ Betasodd med ferske horn til middag kan freiste alle og einkvar, eller kanskje brudevollmår eller pølse passar deg betre? Kakedisken er også verdt å skryte av, kom og smak😊 Sola skin også foreløpig, då kan det ikkje bli stort betre👍Velkomen!

No er vi komne til juli, og då har vi av erfaring valgt å ikkje halde open søndagskafé på Holesanden. I desse vekene er ...
04/07/2026

No er vi komne til juli, og då har vi av erfaring valgt å ikkje halde open søndagskafé på Holesanden. I desse vekene er det som regel mangel på både vertskap og besøkande. Heldigvis får vi 4 søndagar med open kafé i august, og første datoen er 2. august. Vi sjåast då😊

Det nærmar seg den årvisse jonsokfeiringa på Holesanden, og vi ser fram til ei triveleg stund ilag,  med det som høyrer ...
14/06/2026

Det nærmar seg den årvisse jonsokfeiringa på Holesanden, og vi ser fram til ei triveleg stund ilag, med det som høyrer dagen til.😊🎉🥳
MEN, per no heng årets jonsokbryllup i ein tynn tråd, då det er smått med giftevillige born på bygda.😳 Så dersom du kjenner nokre born mellom 6-10 år(omtrent) som kan tenke seg å bidra, tips oss gjerne. Det kan vere to jenter eller to gutar, der den eine kler seg som brud og den andre som brudgom, eller det kan sjølvsagt vere ein av kvar😊🤵👰‍♂️
Send ei melding med kandidatar til Halvard,97614879👍

Address


Alerts

Be the first to know and let us send you an email when KFUK - KFUM Hareid posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Shortcuts

  • Want your organization to be the top-listed non profit organization?

Share