12/03/2026
Årets bedriftsskyting er ved vegs ende.
Det var spenning heilt til siste serie, men karane frå Solund verft haldt hovudet kaldt og drog i land sigeren. HAFS Elektro & Rør kom på 2. plass, medan Solundheimen vart nummer 3. Kommunehuset og Aider følgde på plassane etter.
Solund skyttarlag takkar alle så mykje for god innsats, og ønskjer velkomen tilbake til neste år!
Totalsum etter tre rundar:
Solund Verft: 1188 poeng
HAFS Elektro & Rør: 1160 poeng
Solundheimen: 1124 poeng
Kommunehuset: 1037 poeng
Aider: 850 poeng