BUA Vang

BUA Vang Her kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis! I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!

Du registrerer låneprofil og kan sjå alt utstyret vårt på https://www.bua.io/utlansordninger/bua-vang Du finn BUA mellom Drengestøga og Vangsheimen. For å låne må du opprette ein profil på nettsida. Vi hjelper deg gjerne. Utlån: Vi har i hovudsak ope for utlån torsdagar kl 15 til 16. Innlevering: Vi har i hovudsak ope for innlevering tysdagar kl 15 til 16. Utstyr som er veldig populært eller som v

i har lite av kan du låne 5 dagar (torsdag til første tysdag), anna utstyr kan du låne 12 dagar (torsdag til neste tysdag). Hugs at du skal vaske utstyret før du leverer, slik at det er reint og fint til neste lånar. Reservasjon: Du kan reservere utstyr ved å sende SMS til 46816473 eller e-post til [email protected]

Fleksibilitet: Vi er framleis fleksible, og kan avtale andre tidspunkt for utlån og innlevering om desse tidspunkta ikkje passar! Berre ta kontakt så skal vi gjere så godt vi kan :)

Jesus tok turen til himmels, difor held BUA steng torsdag 14. mai. Kva med at du tar turen til skogs, ein dag seinare i ...
13/05/2026

Jesus tok turen til himmels, difor held BUA steng torsdag 14. mai. Kva med at du tar turen til skogs, ein dag seinare i mai, til dømes med vårt fantastiske svevetelt? 🪽🧚🪶

Det har vorte bart og fint i skogen og mange har kanskje alt prøvd seg i diskgolfbanen i Ryfoss 🥏 Om du ikkje har diskar...
06/05/2026

Det har vorte bart og fint i skogen og mange har kanskje alt prøvd seg i diskgolfbanen i Ryfoss 🥏 Om du ikkje har diskar sjølv, har vi tillitsbasert utlån av diskar inne hjå Joker Ryfoss. Her berre skriv du navnet og telefonnummeret ditt i ei bok når du låner, og signerar når du leverer tilbake.
Sjekk ut Ryfoss Diskgolf for oppdatert info om banen, klubbkveldar mm. 🤸‍♀️

OPNINGSTID I PÅSKA: tysdag 31. mars kl. 15 - 16.Etter dette har vi stengt resten av påska.Reservasjon: kontakt 46 81 64 ...
25/03/2026

OPNINGSTID I PÅSKA: tysdag 31. mars kl. 15 - 16.
Etter dette har vi stengt resten av påska.

Reservasjon: kontakt 46 81 64 73 eller [email protected]

Er du strukturert og ryddig, kan bruke digitale verktøy, og har interesse for litteratur og friluftsliv? Søk sommarjobb ...
17/03/2026

Er du strukturert og ryddig, kan bruke digitale verktøy, og har interesse for litteratur og friluftsliv? Søk sommarjobb i biblioteket og BUA! Frist 25.3 ✅

Vang folkebibliotek og BUA Vang søkjer etter ein person som vil vere sommarvikar i ville, vakre Vang i Valdres i ca. 86% stilling. Det er tenkt ca 4-6 veker med arbeid ila sommaren 2026, frå slutten av juni til først i august. Både biblioteket og BUA ligg i Vang sentrum. Biblioteket be...

NB Torsdag 5. februar er BUA ope kl. 16-17
02/02/2026

NB Torsdag 5. februar er BUA ope kl. 16-17

28/01/2026

ENDELEG - skøyteis på Vangsmjøsa!! 🤩 Vi har turskøyter til utlån, velkommen innom tysdag/torsdag kl. 15-16. Sjekk alltid at isen er trygg der du går, ha med riktig utstyr og gå saman med andre - du kan lese isvettreglane her:https://flyte.no/file/isvettregler.pdf

NB du må vere 18 år og signere eigenerklæring for å låne skøyter i BUA.

Takk til Østbye Hemsing for video! 🥳

DNT Valdres Ung arrangerte saman med fleire andre isbading ved Tingsteinen i Slidrefjorden førre laurdag - over 30 stk b...
21/01/2026

DNT Valdres Ung arrangerte saman med fleire andre isbading ved Tingsteinen i Slidrefjorden førre laurdag - over 30 stk bada!! 🙌 Då var badstuteltet frå BUA Vang godt å ha som varmestøge 🎉

Då Claudia fikk besøk av sin spanske familie i jula lånte ho ski til heile gjengen i BUA! Vi er veldig glade for å bidra...
07/01/2026

Då Claudia fikk besøk av sin spanske familie i jula lånte ho ski til heile gjengen i BUA! Vi er veldig glade for å bidra til at alle som vil kan få oppleve friluftsliv og naturglede i Vang 💝

29/12/2025

Velkomen innom i dag (måndag) kl 15-16! 🎅

Vi har no både hockeyskøytene frå Vang barne- og ungdomsskule og 2 par truger til utlån på Joker Ryfoss! Dette er tillit...
22/12/2025

Vi har no både hockeyskøytene frå Vang barne- og ungdomsskule og 2 par truger til utlån på Joker Ryfoss! Dette er tillitsbasert utlån - skriv opp kva du låner i boka og legg det fint tilbake igjen etterpå 💜 Bjørn Roger Kjørlien har byrja legge is i ballbingen i Ryfoss, den er ikkje heilt klar enno, følg med på Høre/Ryfoss idrettlag for oppdatert info 🏑⛸️ God, aktiv jul! 🎉

19/12/2025

Veke 52 og 1: ope MÅNDAGAR kl 15-16

Adresse

Tyinvegen
Tyinvegen
5151

Åpningstider

Tirsdag 15:00 - 18:00
Torsdag 15:00 - 18:00

Telefon

+4746816473

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når BUA Vang legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til BUA Vang:

Del